Vel stad

Sauda
150712_ja_lun397-146

Jonegarden på Hustveit

Museumsgard med unikt kulturlandskap

OPNINGSTIDER

Løa med utstilling er ope heile året

Husa på tunet er stengde, men opnast for grupper etter forespørsel

PRIS

Gratis inngang i løa

Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)

KONTAKT

Jonegarden på Hustveit
4208 Saudasjøen, Sauda

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

Hustveit er eit spennande natur-, kultur-, og friluftsområde. Både kulturlandskapet rundt museumsgarden og sjølve bygningsmassen med inventaret i hovudbygningen står fram som opphavleg og autentisk, slik det var på slutten av 1800-talet. Den moderniseringa som ein fekk på gardane i mellomkrigstida, og særleg etter krigen, kom aldri til Hustveit. Det er til dømes aldri brukt kunstgjødsel eller motorisert reiskap på garden. Marka kring garden er i dag klassifisert som landskapsvernområde, og det er sett opp ei eiga plansjeutstilling om kulturlandskapet langs turvegen.

Løa på Hustveit er restaurert og open heile året. Her finn ein utstillingar om garden og folka som har levd på Hustveit, om byggeskikken på staden, med særleg vekt på stavkonstruksjonen, og om skogen og sagbruka.

Etter ein liten spasertur langs den gamle ferdselsvegen til Kvednafossen, finn ein eit fint anlegg med kvernhus, korntørke, sag m.m. Eit par timars gange frå garden ligg stølen open for publikum.

 

TILKOMST
Hustveit ligg omlag 15 minutt frå Sauda sentrum i retning Haugesund. Køyr på fylkesveg 520 til du ser skiltet mot Hustveit. Køyr på grusvegen til du kjem til parkeringsplassen. Det er omlag 200 meter å gå frå parkeringsplassen til gardstunet. På veg opp kan du sjå plansjeutstillinga om kulturlandskapet.