Ledige stillingar
Ledige stillingar
Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 19 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.
Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Museet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.
Me har følgande ledige stillingar:
Sommarvert på museumsgarden Kolbeinstveit og Nesasjøhuset sommarsesongen 2025.
Periode: skulane sin sommarferie.
Arbeidsoppgåver: vertskap og omvising, aktivitetar retta mot born, stell av uteområder, stell av dyr, reinhald etc..
Krav til deg: har godt humør, snakkar godt norsk og engelsk og gjerne eit språk til, har førarkort klasse B, er interessert i historie, glad i folk, flink å kommunisere, er sjølvgåande og løysingsorientert.