Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.
Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg kommunane Sauda, Hjelmeland, Strand, Kvitsøy og dei tidlegare kommunane Forsand, Finnøy og Rennesøy.
Museet tilbyr opplevingar som gir deg eit innblikk i kvardagslivet til ryfylkingane like frå 1500-talet og fram til i dag. På reise gjennom Ryfylke kan du mellom anna oppleva gardstun frå ulike samfunnslag og tidsepokar. Tuna er i hovudsak bevarte på sine opphavlege tufter. Me har òg eit hummarmuseum og eit industriarbeidarmuseum, som kvar for seg representerer to viktige næringar i Ryfylkeregionen. Skulegangen blir formidla i Skulemuseet på Jelsa.


Museet har òg ei stor samling med foto og gjenstandar frå regionen. Me arbeider kontinuerleg for å gjera foto- og gjenstandssamlingane endå meir tilgjengelege på nettstaden Digitalt Museum.
Folkemusikkarkivet vårt inneheld mellom anna lyd- og videoopptak frå heile Rogaland.
Bygningsvernavdelinga vår har ansvar for den store bygningsmassen til museet. Handverkarane våre har arbeidd tett med lokale tradisjonsberarar, og held vedlike og formidlar den handlingsborne kunnskapen.
Andre sentrale satsingsområde ved museet er formidling retta mot barn og unge, og kulturelt mangfald. Me kan by på eit variert og spanande tilbod med utstillingar, omvisingar, foredrag, konsertar, og mykje meir.
Velkommen til oss!
Ryfylkemuseet er sertifisert Miljøfyrtårn
Ryfylkemuseet var den første verksemda i Suldal med sertifisering som Miljøfyrtårn. Sidan 2014 har me vore ein del av denne ordninga, som forpliktar oss til å jobba kontinuerleg med arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Museet har fleire små anlegg rundt om i Ryfylke. Me fører rekneskap frå desse anlegga på miljøprestasjonar, som blir ein del av eit felles sertifikat til hovudsetet vårt på Sand.
Innkjøp og materialbruk
Me har stort fokus på å handla lokalt, berekraftig og kortreist. Dette gjeld alle deler av drifta vår, både gjennom tilbodet vårt til publikum og i den daglege drifta internt på museet.
Energi
Mange av bygningane til Ryfylkemuseet er ikkje oppvarma og har ikkje innlagt straum. Unntaket er dei bemanna anlegga våre, og hovudsetet vårt på Sand som har det største forbruket. Her gjer me det me kan for å redusera energibruken.
Transport
Ryfylkemuseet er spreidd over heile Ryfylke, som naturleg fører med seg ein del reiseverksemd. Likevel har me fokus på å samkøyra der me kan, og me planlegg dagane våre for å redusere unødig transport. Bilparken vår blir gradvis skifta ut til køyretøy med lågare utslepp.
Arbeidsmiljø
Ryfylkemuseet skal vera ein god arbeidsplass og har fokus på å legga til rette for at dei tilsette skal trivast i jobben sin.
Avfallshandtering
Me sorterer alt av avfall frå drifta vår, både i drifta på kontoret og gjennom byggeprosjekta våre. I tillegg har me høgt fokus på gjenbruk.
