Vel stad

OM MUSEET

Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg kommunane Sauda, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.

Ryfylkemuseet tilbyr opplevingar som gir deg eit innblikk i kvardagslivet til ryfylkingane like frå 1500-talet og fram til i dag. På reise gjennom Ryfylke kan du mellom anna oppleva gardstun frå ulike samfunnslag og tidsepokar bevarte på sine opphavlege tufter, eit hummarmuseum og eit industriarbeidarmuseum, som kvar for seg representerer to viktige næringar i Ryfylkeregionen, og eit skulemuseum, som saman med dei andre avdelingane fortel om oppvekst i Ryfylke.

Museet har òg ei stor samling med foto og gjenstandar frå regionen. Me arbeider kontinuerleg for å gjera foto- og gjenstandssamlingane endå meir tilgjengelege på nettstaden Digitalt Museum. Folkemusikkarkivet vårt inneheld mellom anna lyd- og videoopptak frå heile Rogaland. Bygningsvernavdelinga vår arbeider tett med lokale tradisjonsberarar og tradisjonshandverk, og tar slik vare på både bygningane og den lokale byggeskikken. Andre sentrale satsingsområde ved museet er formidling retta mot barn og unge, og kulturelt mangfald. Me kan by på eit variert og spanande tilbod med utstillingar, omvisingar, foredrag, konsertar, med meir.

Velkommen til oss!