27.01.2025 – Innkalling til årsmøte i venneforeininga til Ryfylkemuseet

Inn og utvandring til Ryfylke to sider av same sak?
Det blir kalla inn til årsmøte på Jelsa hotell torsdag 13. mars kl. 15.00.
Arrangementet er tilpassa hurtigbåten frå Stavanger kl. 12:25, retur kl. 18:30. Det tar rundt 10 minutt å gå dei 800 m frå kaien til hotellet. For dei som ikkje kan gå er det mogleg å få skyss. Det vil stå ein bil på kaien ved ankomst.
Før sjølve årsmøtet blir det foredrag av fognaren, ryfylkingen, verdsborgaren, bildesigneren og gründaren, Per Ivar Selvåg. Tema: Utvandring frå Ryfylke – innvandring til Ryfylke: Er det to sider av same sak?
Servering.
Etter mat blir det omvisning i Jelsa kyrkje før årsmøtet tek til.
Arrangementet er gratis for medlemmer. 200 kr for ikkje medlemmer.
Ver grei og meld deg på her
https://forms.office.com/e/TJQNGK9CyF