Open dag i Suldal utvalde kulturlandskap
30. august 2026 deltok Ryfylkemuseet på open dag i Suldal utvalde kulturlandskap (UKL).
Jarle Tveit på Børkjenes og Bjørg Tysdal Moe/ Eirik Moe på Mokleiv opna gardane sine for besøk, og om lag 80 besøkjande var innom på dei to gardane denne dagen.
Dei besøkjande fekk omvisning av vertskapa i alle husa på gardane og sjølvsagt vart det anledning for å få seg ein kaffikopp, saft og litt å bite i.
På Børkjenes vart det også liv i den gamle smia, noko som fenga stor interesse. Me hadde med oss laftebyggesett til Mokleiv for dei små og stavkonstruksjon for dei litt større. Suldal kommune som også var med og arrangerte, og UKL aktørane var einige om at det var ein kjekk dag.
Takk til alle besøkjande som var innom!