GARDSDRIFTA

Rennesøy og dei andre Ryfylkeøyane har godt jordsmonn med gode vilkår for jordbruk. Korndyrkinga var viktig frå gammalt av, og havren var det viktigaste jordbruksproduktet heilt fram til siste halvdelen av 1800-talet. Dessutan avla dei litt bygg og rug som utgjorde kring tiandeparten av havreavlinga. Poteta var kjent frå rett før 1800, men slo for alvor gjennom under napoleonskrigane (1807-1814). Då var det smått med korn, og poteta vart ein god erstatning. Potetene gav gode avlingar og kom til å spela ei stor rolle både i det daglege kosthaldet på gardane og som salsvare. Poteter vart tidleg selde til Stavanger og etter kvart til Haugesund. Det gjekk også farty til Austlandet med poteter. Frå 1880-åra tok ein også til å føra poteter til Bergen med små skøyter.

Åker og gjødning
Ein spadde dei same kornåkrane frå generasjon til generasjon fram til utskiftingane. Dei var også særs grøderike og gav ofte kring åtte foll (åtte kilo korn for kvart kilo ein sådde). Det var mest tre gonger meir enn på Austlandet, medan det vanlege på Jæren var seks foll. Gjødsel var difor ein svært ettertrakta ressurs. Ein tok då godt vare på husdyrgjødsla som vart blanda med torv, lyng, husavfall og tang og tare i mittinga utanfor husa.

Når kornet var moge om hausten, vart det skore med sigd og sett i ”rug”. To lass med 120 kornband i kvart var eit vanleg dagsverk for ein arbeidsmann.

Tang og tare vart brukt til gjødsel på åkrane. Å henta tang og tare var ei heil vinne for seg. Det var eit viktig pluss for ein gard om der var god tarestrand.  Taren som låg på stranda etter eit uver, vart køyrd heim og blanda med kuhevd. Om våren når det var stor fjøre, stod mannfolka i sjøstøvlar i stranda og skar tare. Taren vart førd heim i båt og teken i land på ladberg ved garden. Denne taren vart rekna som så gjødselrik at han vart brukt på myråkeren utan iblanding av annan hevd.

Sildeslo vart også brukt til gjødsel. Mange gjorde turar til Haugesund for å henta sildeslo frå røykeria der. Frå Røvær vart henta torskehovud og fiskeavfall som vart sett i kompost med hestahevd og mold.

Men så begynte kunstgjødning å bli kjent, og den avløyste etter kvart fiskeavfallet. Svovelsurt beinmjøl i potetåkeren var det første som vart brukt. Dette vart strødd ut med spiseskei i forene, så det trongst ikkje så mykje. Ein eller to sekkar pr. gard var nok, men beinmjølet hadde god virkning. Seinare kom andre gjødningsslag, som tomasfosfat, kainit og torskeguano, vidare salpeter, superfosfat og kali. Dei nye gjødningane var sterkt medverkande til auka avlingar, både av korn, poteter og gras.

 

Trøskjing og maling
Den grøderike jorda i Rennesøy gav grunnlag for stor korndyrking. Ein gjennomsnitts bonde hausta fyrst på 1800-talet mellom det doble og det tridoble av det kornet han sjølv trong heime. Avlingar på rundt 200 kilo på målet var vanleg. Bygg gav noko større avling enn havre. Overskotet vart då dels seld til byen, dels til folk frå fjordane som bytta til seg kornet mot ved og materialar. Det kunne koma båtar frå Indre Ryfylke for å kjøpa både matkorn og såkorn.

Kornet vart frå gammalt av trøskja med tust. Då slo dei på kornbanda med tusten, som var to trestokkar som var bundne saman, for å skilja halm og korn og for å slå kornet or aksa. Sidan, kring 1860, kom dei fyrste vinddrivne trøskjeverka i bruk. Dei var farlege i drift, og vart etter ei tid skifta ut med hestevandringar. Mot slutten av hundreåret tok ein i aukande grad i bruk bekkavatn som drivkraft. Først på 1900-talet drog det kring folk frå Randaberg med motordrivne trøskjeverk. Dei tok på seg oppdrag med trøskjing av korn. Etter kvart slo rennesøybuen seg saman i lag og kjøpte inn motordrivne trøskjemaskinar. Då bygda fekk elektrisk straum, overtok elektromotoren som drivkraft.

Når det galdt malinga, hadde dei fleste gardane si bekkekvern. Men mot slutten av 1800-talet vart det stadig meir vanlege å dra til mølla på Tau for å mala.

Til å køyra ut gjødsel og til å køyra inn korn og høy vart det frå gammalt av brukt hest og meiaslede. Hevdasleden var 1,5 meter lang og kornsleden 2,5 meter. Hjulkjerrene begynte ikkje å koma før på 1850-talet.

 

Husdyra
Av husdyr åtte gjennomsnittsbonden i Rennesøy ein hest, ti kyr og nokre sauer ved inngangen til 1800-talet. Kyrne var det lite med, det var helst gjødsla som var det viktigaste. Etter gammal lov skulle kvar bonde ha ei ku for kvart mål åker, ho trongst då for gjødsla. Sjølvsagt mjølka ein òg. Men resultatet var elendig, berre fem hundre liter årleg eller snautt tiandeparten av ei moderne ku. Dette skuldast også at sveltefôring var vanleg. Det galdt å ha så stor buskap som muleg, og då vart det spart på fôret. Kyrne var magre og svake om våren og laut ofte støast første gongen dei slapp ut.

Frå 1850-talet vart det ei endring på dette. Ein tok til å fôra betre, og gradvis gjekk mjølkemengda opp. Midt på 1860-talet skal ho ha lege på rundt 1000 liter årleg. No kunne det så smått eksporterast ein del til Stavanger i tønner og holkar. Mjølka vart seld på gatene i opne kar. Viktigaste salsstaden var på Bakarbrygga i byen.

I 1888 starta det fyrste forsøket med organisert omsetnad på Rennesøy. 60 bønder gjekk då saman for å fremja surmjølksal til Bergen. Stort sett var det mange vanskar med mjølkeeksporten heilt til dei fekk meieriet i Vikevåg i 1902. Både Rennesøy og Mosterøy vart då med, mjølka vart skipa over frå ”Vodlakaien” på Mosterøy. Det produserte først smør og frå 1917 også ost.

Husdyrhaldet var i framgang i desse åra. Mjølkeproduksjonen tok seg stadig opp, og ved inngangen til 1900-talet låg gjennomsnittet per ku på 1700 liter årleg. Rett før 2. verdskrigen var ein komen opp i 2600 liter i årleg produksjon.

Sauehaldet var viktig fram til midten av 1800-talet. Men det var små og lette dyr, berre kring 12 kilo i snitt. Dei neste hundre åra var sauevekta dobla. Ved sida av potetproduksjonen var det særleg sauehaldet som tok seg opp utover 1800-talet. Medan det i heile bygda berre var eit par tusen dyr i 1835 hadde det auka til nær 7000 dyr i 1875.

Viktig var det med etableringa av saueavlsgarden på Hodne i 1889. I 1888 starta også leige av heiebeite i Ryfylke med transport av sau att og fram dit. Det var då gardane Selland i Hylsfjord og Førre i Jøsenfjorden saman med områder i Sauda som vart nytta. I samband med at ein førde sauene inn i fjorden var det vanleg å henta med seg heim ved i den tomme båten.

Det gamle var at det var mange uthus på ein gard. Kufjøs, sauehus, grisehus, kornløe, høyløe m.m. var separate bygningar. Frå midten av 1800-talet vart det gradvis meir vanleg med ein stor driftsbygning eller løe på gardane, som gav plass til alle husdyra og hadde lagerrom for høy og korn.

Slått og høyberging var ein viktig del av sommararbeidet på gardane. Den første slåmaskinen i Rennesøy, og faktisk også i Rogaland, vart kjøpt av D. Danielsen Bru i 1876. Den neste i kommunen kom til Bø på Rennesøy. Tre oppsitjarar der kjøpte maskinen saman i 1883 på auksjon i Hillevåg. Dei nye maskinane var storhende, som heile bygda kom for å sjå og beundra. På same auksjonen kjøpte Torgeir Bø den første hesteriva til Rennesøy. Den var det ikkje sete på. Han måtte gå bakom og vippa henne opp med ein spak. Sjølv om det kom slåmaskinar, var det framleis god bruk for både stuttorv og langorv til å slå kantar og ”skrapemark”.

Høns var det frå gammalt på dei fleste gardane. Alt på 1600-talet høyrer me om rennesøybuar på veg til byen med høns dei hadde for sal. Hønsa sprang fritt ikring, varp der det fall seg og hadde vagl i sauehuset. Rasen var om lag som jærhønsa. Meir systematisk hønsehald starta fyrst i 1890-åra då ein fekk kvite italienarar. Det var helst kvinnene som fekk seg lommepengar frå sal av egg.

Pelsdyrhaldet starta opp i 1929 med eit andelslag i Vikevåg og vaks raskt til å verta ei viktig næring. Utover på 1930-talet auka talet på revegardar til eit halvt hundre med i gjennomsnitt hundre revar i kvar.

 

Å fø Bergen med poteter
Poteter vart med tida ein hovudproduksjon på mange gardar. Det var mange som hadde opp til  20-30 mål poteter. Ein stor del av potetene vart frakta til Bergen og selde der. Potetfarten til Bergen stod på frå ca. 1880-1890 til ut i 1960-åra, i to-tre generasjonar. Før det hadde seglfarty frå Rennesøy ført poteter både til Stavanger og Haugesund og til Austlandet.  Stavanger låg jo nærast, men dei hadde heile Jæren til å forsyna seg med poteter. Det var vanskeleg å koma inn på marknaden der, og difor valde potetskøytene å stemna nordover. Siglingstida til Bergen kunne vera kring 16-17 timar med motorskøyte.

Skøytekarane lasta inn poteter frå næraste bygda, men kunne også gå til andre bygder for å lasta inn. Dei gjekk med potetene laust i lasterommet frå gammalt av. Då vart dei målte i tønner. 8 skjepper i ei tønne. Ei skjeppe poteter var 15 kilo. 130 tønner var vanleg last på ei middels skøyte.

Dei måtte oftast rekna tre veker i Bergen for å selja ei last. Dei selde skjeppevis direkte til kundane ved å gå frå hus til hus. Dei kunne leiga seg hest og kjerre i Bergen til å køyra rundt med, eller dei brukte ei handkjerre. Dei fylte to skjepper poteter i striesekkar og knytte eit band over sekken til å dela han i to. Dei beste køyrde ut 80 skjepper om dagen. Andre mindre røynde klarte mykje mindre, kanskje ikkje meir enn 20. Med ei forteneste på 50-75 øre pr. skjeppe heldt dei seg likevel ei bra dagløn.

Hadde kjøparane reide pengar, vart det betalt kontant. Men ofte bad dei om kreditt til fredag, som var lønningsdag. Vanlegvis gjekk det greitt å få inn pengane, men det hende det vart problemer.

Skjeppelivet varte frå tidleg haust til sein vår. Om våren vart det så varmt i veret at fjorårspotetene ville skyta. Då var dei ikkje lenger salsvare.

Etter krigen tok grossistane i Bergen over som mellomledd. Dei ville ha potetene i sekker. Ein skøytelast kunne då vera t.d. 700 50-kilos sekkar – 35 tonn med poteter.

Opp til 12-14 skøyter frå Ryfylke kunne gå i potetfarten på Bergen. Dei fødde byen med poteter. Rundt 1960 var det seks skøyter som gjekk. Isak Voll frå Sørbø med skøyta ”Peder W” var ein av dei.  Han starta i potetfarten som 15-åring. Mandagen etter konfirmasjonen var han med på sin første tur til Bergen med ei potetskøyte. Som skøyteskipper kombinerte han lenge sildefiske om vinteren med potetfart om hausten. Han kjøpte poteter både på øyane og på Jæren. Det kunne bli vel tjue turar til Bergen kvar haust.

Morten Dalaker og Nils Asmarvik var mellom dei første som starta i potetfarten på Bergen. Kjende bergensfararar frå Rennesøy seinare var folk som Kornelius T. Nordbø, Jakob J. Håvarstein, Peder O. Hausken, Ole E. Helland og Thomas R. Helland.

”Rennesøyhua” var eit begrep på Sørvestlandet. Rennesøybuane vart eit kjent trekk i bybildet i Stavanger og i Bergen. Dei vart attkjende på hua. Lange opphald i Bergen førte også til sosiale kontaktar. Folk vart kjende med bergensarar, og somme rennesøybuar fann seg kone frå denne byen.

 

 

Bli Medlem