Folk på fredag 8. november – TIDENES FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSKAVALKADE

Folk på fredag 8. november – TIDENES FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSKAVALKADE

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittar på kulturhuset i Suldal, – eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet, Suldal kulturhus og Drøs.

November er tid for Folkemusikk- og dansehelg på Mo laksegard, og tradisjonen tru kjem eit solid knippe av dei beste folkemusikkutøvarane i landet reisande frå fjern og nær til Suldal. Her skal dei læra frå seg, inspirera og spreia glans. På årets siste Folk på fredag får me høyra og sjå nokre av dei, i solo, samspel og dans.

Stad: Kulturhuset i Suldal

Tid: 19.00 DRØS opnar

20.00 Konsertstart

Første mann ut er Alexander Røynstrand. Han er kongepokalvinnar frå Landskappleiken, dronning- og suldalsvenn og kjem frå Granvin i Hardanger. Dette året slepper han den første soloplata si som har fått namnet «Heimom».

Nok ein (heilt fersk) kongepokalvinnar og stjerneskot innan folkemusikken, Synnøve Brøndbo Plassen, frå Folldal, skal synga for oss.

Så blir det garantert svingande og energifullt samspel på fele med Vegar Vårdal frå Bærum og Vågå og Johanne Løkensgard Mjøs frå Bergen. Og ikkje minst, det blir også dans på scenen, både halling- og pardans. Me har med oss eit vakkert knippe dansarar, både frå utlandet, innlandet og Suldal: Simon Hesselberg Løvald, Elisabeth EllingsenVegar Vårdal, Xenia Alexandra Berkova og Åshild Vetrhus.

 

Etter konsertane: Jam, prat og mat

DRØS held ope og serverer heimelaga mat og fredagsdrikke etter ønskje.

Kjøp billett på førehand på folk på fredag Folkemusikkhelg | Kulturhuset i Suldal

 

Folk på fredag er støtta av Norsk kulturråd