Bakken

Bestill omvising

Bakken var ein husmannsplass under Dalakergarden på Rennesøy og representerer dei mange husmannsplassane med stove og løe under same tak som det er få att av i Rogaland. Stovedelen er lafta og løa er bygd med stavkonstruksjon.

Historie

Husmannsplassen er liten og det var ikkje mykje å leve av her. Det var mogleg å fø ei ku og nokre sauer. Ein potetåker og ein liten kornåker var det også her på garden. I jordkjellaren nede i bakken heldt potetene seg godt lenge.

RFF2013-086-002
RFF2013-086-001

Byggemåten

Rennesøy er velsigna med god byggestein, ein skiferaktig fyllitt, og her finst ein særeigen byggemåte, der steinen vert lagt med fall ut frå veggen, og stavleggjer som blir lagt på inste delen av muren, slik at taket sluttar godt innpå muren. Løa på Bakken er eit godt eksempel på denne byggemåten.

Tilkomst

Bakken ligg like ved vegen mellom Vikevåg og Østhusvik.
Ta av E 39 etter Mastrafjordtunnelen. Følg vegen opp over bakken ca 900 meter. Der ligg Bakken på venstre hand. Du kan parkere i vegskuldra.