Finnøy
RFF2013-086-465

Bethel

Utstilling om lekmannsrørsla og bedehusa i Ryfylke
OPNINGSTIDER Ryfylke Livsgnist tilbyr opplegg for grupper Vandring i bedehusland etter forespørsel   PRIS Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)   KONTAKT Bethel Rv. 519, nr 590, Judaberg, 4160 Finnøy Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

BEDEHUSKULTUREN

Bedehusa og livet i og kring bedehuset var ein stor del av Ryfylke-kulturen og har dermed vore ein viktig del av Ryfylke-sjela. Bedehuskulturen har påverka identitetsbygging, sjølvforståing og sentrale verdiar i levesettet til ryfylkingar gjennom fleire generasjonar, anten ein slutta seg til bedehusrørsla eller markerte avstand. Nokre av dei første bedehusa i Noreg vart satt opp i kommunar i Ryfylke mellom 1837 og 1840. Totalt sett har det vore over 100 bedehus i Ryfylke.
Frå 2008 til 2011 dokumenterte Ryfylkemuseet bedehuskulturen i Ryfylke og innverknaden den har og har hatt på ryfylkingar. Det innsamla materialet består av intervju, fotografi, arkiv og gjenstandar. I utstillinga «Lekmannsrørsla og bedehusa» som heng på galleriet i bedehuset Bethel på Judaberg, kan ein sjå resultatet av dokumenteringsprosjektet. Prosjektet har òg vore grunnlag for utgjevinga av Ryfylkemuseet si årbok Folk i Ryfylke 2011 der temaet var bedehus.

Bedehuset Bethel på Judaberg er frå 1878 og er dermed det eldste bedehuset som framleis er i bruk i Ryfylke.

TILKOMST

Bethel ligg langs riksveg 519 på Judaberg.

Bli Medlem