Brødrene af Sand

Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse.

Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997. Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999.

Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift.

Ved dampskipkaien på Jelsa. Kulturminnedag.
RFF2013-086-017-1-e1558612780109

Verna fartøy

I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse

Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum.

Oppdrag

Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag

«Brødrene af Sand» tar oppdrag på bestilling, både dagsturar og overnattingsturar. Dei som er med deltek som medseglarar. Det er plass til grupper på max. 12 personar