
Brødrene af Sand
Brødrene af Sand er ei av dei siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta vart bygd på Dokkskar i Yrkjesfjorden på midten av 1800-talet (1866), og ho gjekk i sildefart på Østersjøen. Seinare gjekk ho i fjordafart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke.
Adresse
Nesasjøhuset, Nordenden 14, Sand
Opningstider
Sommaren 2025 skal Brødrene på tokt til Shetland, men før det kan du komma ombord og besøka oss:
Sauda frå 30. juni kl 19.00 til 1. juli kl 14.00
Sand 1. juli mellom kl 16.00 og 18.00
Hjelmeland frå 2. juli kl 16.00 til 3. juli kl 10.00 – då går ferda vidare til Stavanger for å følga Restauration eit lite stykke på ferda over havet til Amerika 4. juli
Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse.
Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997. Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999.
Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift.


Verna fartøy
I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse
Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum.
Oppdrag
Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag
«Brødrene af Sand» tar oppdrag på bestilling, både dagsturar og overnattingsturar. Det er plass til grupper på max. 12 personar