OPNINGSTIDER
Om sommaren ligg ofte Brødrene af Sand til kai på Nesasjøhuset. Ser du båten liggande kan du få meir informasjon gjennom vår gratis nedlastbare app ‘ Ryfylkemuseet’.
Omvising for grupper etter førespurnad
PRIS
Vi tar oppdrag der deltakare (mellom 12-20 personar) er «medseglarar» eller passasjerar. Inntektene til oppdrag går til å dekke kostnadane med vedlikehald og drift. Pris frå NOK 8000 (pris på tokt).
KONTAKT
Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
Brødrene af Sand er ei av dei siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta vart bygd på Dokkskar i Yrkjesfjorden på midten av 1800-talet (1866), og ho gjekk i sildefart på Østersjøen. Seinare gjekk ho i fjordafart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke
Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse
Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997. Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999.
Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift
VERNA FARTØY
I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse
Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum
OPPDRAG
Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag
«Brødrene af Sand» tar oppdrag på bestilling, både dagsturar og overnattingsturar. Dei som er med deltek som medseglarar.
Det er plass til grupper på max. 12 personar
PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen
Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. La deg overraska
I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Brødrene af Sand. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd!
Appen er gratis og kan lastast ned her