OPNINGSTIDER 2022
Åpningstid i perioden 20. juni – 14. august
Omvisning starter fra Folkets Hus mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag kl.12.00
NB! Forhåndspåmelding innen kl.11.00 den dagen det er omvisning. En kan melde seg på ved å komme på turistkontoret, på telefon: 52 78 42 00 eller på e-post: post@saudaferie.no
KONTAKT
Adresse: Haakonsgaten 51-53, 4200 Sauda
Telefon: (+47) 52 79 29 50
Epost: post@ryfylkemuseet.no
Instagram: instagram.com/industriarbeidarmuseet
Facebook: facebook.com/ryfylkemuseet
GUIDA TUR I ÅBØBYEN
Guida tur i Åbøbyen 20. juni – 14. august – måndag til fredag
Oppmøte ved Folkets Hus kl. 12.00
Turen tek omlag 1 time
PRIS
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet
Kombibillett: Guiding i Åbøbyen og inngang til museet – kr 100 per person
ÅBØBYEN
Åbøbyen er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet
Byanlegget, eller Amerikanarbyen som det og vert kalla, har flotte eksempel på nyklassisistisk arkitektur frå 1920-talet og funkis- og etterkrigsarkitektur
Bustadområdet ved Sauda smelteverk har tydelege spor etter dei sosiale skilja, med arbeidarbustadane nærast fabrikken, funksjonærbustadane lenger oppe og direktørvillaen lengst borte frå fabrikken og opp i høgda
Harmonien i bymiljøet, variasjonane, detaljane og dei høge arkitektoniske kvalitetane gjer det spesielt spennande å vandre gjennom byen
INDUSTRIARBEIDARBUSTAD
Sjølve Industriarbeidermuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebustad. Desse bustadane låg nærast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. I Industriarbeidarmuseet i dag finn ein to autentisk innreidde leilegheiter. Ein viser korleis arbeidarar budde på 1920-talet, og den andre leiglegheiten har innreiing frå 1960-talet
UTSTILLING
I 2019 opnar vi den nye utstillinga «Under røyken – om livet i Åbøbyen»
Utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeidarar som jobba på fabrikken, korleis det var å vera husmor på denne tida, og korleis det var å veksa opp i her. Ì utstillinga kan ein og læra meir om fabrikken og om Åbøbyen
PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen
Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar
I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd
I Åbøbyen er det lagt ut fleire punkt der vi fortell deg om dei skjulte historiar. Appen er gratis og kan lastast ned her
KORLEIS KOMA SEG HIT
Industriarbeidermuseet ligg i gåavstand frå handlegatene i Sauda. Gå mot Sauda Stadion og ta av inn mot Håkonsgata. Industriarbeidermuseet ligg til høgre eit lite stykke inn på denne vegen (Adresse: Håkonsgata 51-53)