Industriarbeidermuseet og Åbøbyen

Bestill omvising

Åbøbyen

Åbøbyen er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet

Byanlegget, eller Amerikanarbyen som det og vert kalla, har flotte eksempel på nyklassisistisk arkitektur frå 1920-talet og funkis- og etterkrigsarkitektur

Bustadområdet ved Sauda smelteverk har tydelege spor etter dei sosiale skilja, med arbeidarbustadane nærast fabrikken, funksjonærbustadane lenger oppe og direktørvillaen lengst borte frå fabrikken og opp i høgda

Harmonien i bymiljøet, variasjonane, detaljane og dei høge arkitektoniske kvalitetane gjer det spesielt spennande å vandre gjennom byen

Åbøbyen i Sauda
IMG_8883

Industriarbeidarbustad

Sjølve Industriarbeidermuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebustad. Desse bustadane låg nærast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken.

I Industriarbeidarmuseet i dag finn ein to autentisk innreidde leilegheiter. Ein viser korleis arbeidarar budde på 1920-talet, og den andre leiglegheiten har innreiing frå 1960-talet.

Utstilling

I 2019 opna den nye utstillinga «Under røyken – om livet i Åbøbyen».

Utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeidarar som jobba på fabrikken, korleis det var å vera husmor på denne tida, og korleis det var å veksa opp i her. Ì utstillinga kan ein og læra meir om fabrikken og om Åbøbyen.

Tilkomst

Industriarbeidermuseet ligg i gåavstand frå handlegatene i Sauda. Gå mot Sauda Stadion og ta av inn mot Håkonsgata. Industriarbeidermuseet ligg til høgre eit lite stykke inn på denne vegen (Adresse: Håkonsgata 51-53).

Fotograf-Lise-Bjelland_MG_7876-e1558598585212