Jonegarden på Hustveit

Bestill omvising

Det er mange bygningar på Jonegarden på Hustveit, i tillegg til våningshus, folgehus og løe, er det eit eldhus, jordkjellar av naturstein, og vannhus på garden

Den moderniseringa som ein fekk på gardane i mellomkrigstida, og særleg etter krigen, kom aldri til Jonegarden på Hustveit. Det er til dømes aldri brukt kunstgjødsel eller motorisert reiskap på garden. Marka kring garden er i dag klassifisert som landskapsvernområde, og det er sett opp ei eiga plansjeutstilling om kulturlandskapet langs turvegen.

Ryfylkemuseet har i dag ansvaret for ein stad mellom 10-14 bygningar på Jonegarden på Hustveit, og i tillegg til våningshus, folgehus og løe, er det eit eldhus, jordkjellar, og vannhus på garden. Dei fleste (mindre) bygningane er stavbygg, men det er og to lafta bygningar og ein jordkjellar av naturstein. Den eldste bygningen på garden er «Tysselandsløa», med bygningselement tilbake til slutten av 1600-talet. I tillegg til bygningane er Jonegarden på Hustveit også omgitt av eit unikt kulturlandskap, og området er i dag eit freda landskapsvernområde. Ei viktig årsak til dette er at moderniseringa og mekaniseringa av landbruket på byrjinga av det tjuande hundreåret aldri nådde Jonegarden på Hustveit, og jorda har difor ikkje vore utsett for verken kunstgjødsel eller større landbruksmaskinar

Hustveit
Parti frå Jonegarden i Sauda. Ryfylkemuseet.

Løa, «Tysselandsløa», på Jonegarden på Hustveit er restaurert og open heile året. Det er den eldste bygningen på garden, med bygningselement tilbake til slutten av 1600-talet. Her finn ein utstillingar om garden og folka som har levd på Jonegarden på Hustveit, om byggeskikken på staden, med særleg vekt på stavkonstruksjonen, og om skogen og sagbruka

Etter ein liten 10 min. spasertur langs den gamle ferdselsvegen til Kvednafossen, finn ein eit fint anlegg med kvernhus, korntørke, sag m.m.
Vassrenna til saga blei fjerna grunna sikkerheit, og fordi den var komme ut av stilling og spruta vatn på saga. Saga har større kulturhistorisk verdi, mens vassrenna var ein reproduksjon. Nå er arbeidet retta mot å få midlar til å sette opp ny vassrenne på sikt

Eit par timars gange frå garden ligg stølen open for publikum

Fossen og kvernhus på Hustveit
Opning av kultursti på Hustveit

Tilkomst

Jonegarden på Hustveit ligg omlag 15 minutt frå Sauda sentrum i retning Haugesund. Køyr på fylkesveg 520 til du ser skiltet mot Hustveit. Køyr på grusvegen til du kjem til parkeringsplassen. Det er omlag 200 meter å gå frå parkeringsplassen til gardstunet. På veg opp kan du sjå plansjeutstillinga om kulturlandskapet.