Vel stad

Sauda

Jonegarden på Hustveit

Museumsgard med unikt kulturlandskap

OPNINGSTIDER

Løa med utstilling er ope heile året

Husa på tunet er stengde, men opnast for grupper etter forespørsel

PRIS

Gratis inngang i løa

Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)

KONTAKT

Jonegarden på Hustveit
4208 Saudasjøen, Sauda

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

Hustveit er eit spennande natur-, kultur-, og friluftsområde. Både kulturlandskapet rundt museumsgarden og sjølve bygningsmassen med inventaret i hovudbygningen står fram som opphavleg og autentisk, slik det var på slutten av 1800-talet.
Det er mange bygningar på Hustveit, i tillegg til våningshus, folgehus og løe, er det eit eldhus, jordkjellar av naturstein, og vannhus på garden.
Den moderniseringa som ein fekk på gardane i mellomkrigstida, og særleg etter krigen, kom aldri til Hustveit. Det er til dømes aldri brukt kunstgjødsel eller motorisert reiskap på garden. Marka kring garden er i dag klassifisert som landskapsvernområde, og det er sett opp ei eiga plansjeutstilling om kulturlandskapet langs turvegen.

Ryfylkemuseet har i dag ansvaret for ein stad mellom 10-14 bygningar på Hustveit, og i tillegg til våningshus, folgehus og løe, er det eit eldhus, jordkjellar, og vannhus på garden. Dei fleste (mindre) bygningane er stavbygg, men det er og to lafta bygningar og ein jordkjellar av naturstein. Den eldste bygningen på garden er «Tysselandsløa», med bygningselement tilbake til slutten av 1600-talet. I tillegg til bygningane er Hustveit også omgitt av eit unikt kulturlandskap, og området er i dag eit freda landskapsvernområde. Ei viktig årsak til dette er at moderniseringa og mekaniseringa av landbruket på byrjinga av det tjuande hundreåret aldri nådde Hustveit, og jorda har difor ikkje vore utsett for verken kunstgjødsel eller større landbruksmaskinar.

Løa, «Tysselandsløa», på Hustveit er restaurert og open heile året. Det er den eldste bygningen på garden, med bygningselement tilbake til slutten av 1600-talet.  Her finn ein utstillingar om garden og folka som har levd på Hustveit, om byggeskikken på staden, med særleg vekt på stavkonstruksjonen, og om skogen og sagbruka.

Etter ein liten 10 min. spasertur langs den gamle ferdselsvegen til Kvednafossen, finn ein eit fint anlegg med kvernhus, korntørke, sag m.m.
Vassrenna til saga blei fjerna pga sikkerhet, og fordi den spruta vatn på saga. Saga har større kulturhistorisk verdi, mens vassrenna var ein reproduksjon. Nå er arbeidet retta mot å få midlar til å sette opp ny vassrenne på sikt.

Eit par timars gange frå garden ligg stølen open for publikum.

 

TILKOMST

Hustveit ligg omlag 15 minutt frå Sauda sentrum i retning Haugesund. Køyr på fylkesveg 520 til du ser skiltet mot Hustveit. Køyr på grusvegen til du kjem til parkeringsplassen. Det er omlag 200 meter å gå frå parkeringsplassen til gardstunet. På veg opp kan du sjå plansjeutstillinga om kulturlandskapet.

Bli Medlem