Kolbeinstveit

Bestill omvising

I sommarsesongen

er Kolbeinstveit ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Her blir det omvisingar, marknadsdag, konsert og aktivitetsdagar. Følg med på nettsida for oppdatert informasjon.

Når du kjem inn på tunet trør du 150 år tilbake i tid

Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa som blei sett opp her rundt 1850

Aktiviteter

Tunet eignar seg for barn, me har gamle leiker, høy til å hoppa i og gamaldagse klede til å kle seg ut i.

I tillegg er det dyr på garden, i år har me lam og så treff du hanen Pål og hønene hans. Hønene til Pål lagar dei flottaste egga du nokon gong kommer til å få sjå og kanskje kan du til og med kan få med deg eitt egg heim?

I 2022 fekk me ein ny aktivitet på garden, lafting av hus og ungane elskar det.

Utstillingar

Den faste utstillinga «Garden og folka» fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden

RFF2013-035-022-1
RFF2004-033-029-e1462358086442

Guggedalsloftet

Midt på tunet står Guggedalsloftet. Det kjem opprinnelig frå Bråtveit i Suldal. Den øvste delen av loftet er datert 1281, medan den nedste er frå rundt 1340

Dette er den eldste bevarte trebygningen i Rogaland. Det er såleis ein unik del av bygningsarven og eit viktig kulturminne

Her kan du sjå eit bildespel om Guggedalsloftet.

Torvtaket er erstatta med bølgeblikk pga. fare for rasing av konstruksjonen under vekta av torvtaket. Rørsler i grunnen blir overvåka. Bølgeblikktaket er eit midlertidig tiltak for å berge bygget, til vi har fått på plass finansiering og godkjenning av Riksantikvaren for eit større restaurerings- og istandsettingsarbeid

Mat

Ta med nistepakke, me byr på kaffi.

Tilkomst

Kolbeinstveit ligg mellom Preikestolen og Trolltunga, like ved Rv 13, Nasjonal Turistvei, 2 km forbi Suldalsosen på høgre side – i retning Røldal.

Parkeringsplassen finn du på andre siden av vegen. Frå parkeringsplassen går du på turveien som går forbi fossen med ulike kvernhus på Tveitåno. Krysser du vegen kjem du til Gamlatveit, som er den originale plasseringen til gården Kolbeinstveit. Gården vart flytta i 1800 åra, og er i sommarsesongen ein levande museumsgård

Fleire av torvtaka til bygningane på Tveitåno var i så dårleg forfatning at dei måtte fjernast. Bygningane har fått eit midlertidig tak av bølgeblikk til ressursar er på plass til eit større restaureringsprosjekt

Området har også mange skilta turstiar. Sjå Ut.no

JeMCeuDJsJ8e1M9wpcaWvdffp64kmMq7daKapyzBVEquvJnqnibcakX_vH1vKz_kZi0uOm1a9O1m9iDZKMVNY