OPNINGSTIDER 2020
VIKTIG: Meir informasjon om våre opningstider grnna koronasituasjonen finn du her
Omvisning for grupper etter forespørsel
PRIS
Kr 60, barn kr 30, familie kr 150
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet
KONTAKT
Kolbeinstveit
Suldalsvegen 1995, 4237 Suldalsosen, tlf. (+47) 5279 9304
Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
I sommarsesongen er Kolbeinstveit ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Me tilbyr omvisingar, me serverer tradisjonsmat og har skiftande utstillingar på garden. I tillegg har me ulike arrangement som konsertar, aktivitetsdagar og marknadsdag
Når du kjem inn på tunet trør du 150 år tilbake i tid
Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa som blei sett opp her rundt 1850
GUGGEDALSLOFTET
Midt på tunet står Guggedalsloftet. Det kjem opprinnelig frå Bråtveit i Suldal. Den øvste delen av loftet er datert 1281, medan den nedste er frå rundt 1340
Dette er den eldste bevarte trebygningen i Rogaland. Det er såleis ein unik del av bygningsarven og eit viktig kulturminne
Torvtaket på er erstatta med bølgeblikk pga. fare for rasing av konstruksjonen under vekta av torvtaket. Rørsler i grunnen blir overvåka. Bølgeblikktaket er eit midlertidig strakstiltak for å berge bygget, til vi har fått på plass finansiering og godkjenning av Riksantikvaren for eit større restaurerings- og istandsettingsarbeid
BARN
Tunet eignar seg spesielt godt for barn fordi vi her har gamle leikar, høy til å hoppa i og gamaldagse klede til å kle seg ut i. I tillegg er det mange dyr på garden
UTSTILLINGAR
Det er fleire utstillingar på Kolbeinstveit. Den faste utstillinga «Garden og folka» fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden
I tillegg er det ein ny temautstilling eller ei salsutstilling med kunst og handverk kvar sommar
SMIA
I 2016 blei smia på Kolbeinstveit nyrestaurert. Gjennom sesongen skal smia bli fyrt opp igjen på nokre av våre aktivitetsdagar
MAT
Vertskapet serverer lokal tradisjonsmat. Du får kjøpt smørgraut, Suldalskinke og suldalsbete. Kaffi og nysteikte vaflar står også på menyen
TILKOMST
Kolbeinstveit ligg mellom Preikestolen og Trolltunga, like ved Rv 13, Nasjonal Turistvei, 2 km forbi Suldalsosen i retning Røldal.
Like ved garden finn du parkeringsplassen på andre siden av vegen. Frå parkeringsplassen går du på turstien som går forbi fossen med ulike kvernhus på Tveitåno. Krysser du vegen kjem du til Gamlatveit, som er den originale plasseringen til gården Kolbeinstveit. Gården vart flytta i 1800 åra, og er i sommarsesongen ein ”levande” museumsgård
Fleire av torvtaka til bygningane på Tveitåno var i så dårleg forfatning at dei måtte fjernast. Bygningane har fått eit midlertidig tak av bølgeblikk til ressursar er på plass til eit større restaureringsprosjekt
Området har også mange skilta turstiar. Sjå Ut.no