OPNINGSTIDER 2022
I sommar tilbyr me guida tur for sprekingar til Li
Sjå Helgøy Skyssbåt for billett
Du blir med båten inn Hylsfjorden og blir satt av ved Linaustet der guiden vår tek imot deg og leder deg opp den stupbratte lia til garden Li som ligg 275 høgdemeter over fjorden
OBS! Turen er for sprekingar med gode sko (sandalar anbefalast ikkje!) Ta med drikke og evt noko å spise
Vel oppe i Li får du anledning til å kikka rundt i dei ulike husa før guiden ledar deg ned att til naustet der Helgøy Skyssbåt plukkar deg opp
KONTAKT
Helgøy
el.
Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden
I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommer mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974
Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser
Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden
PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen
Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. Lat deg overraska
I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Litunet. Husk å bruke appen når du drar på oppdagingsferd!
Appen er gratis og kan lastast ned her
TILKOMST
Vegen til Li ligg mellom Sand og Suldalsosen. Ta av frå riksveg 13 når du ser skiltet mot Valskår. Køyr på denne vegen til du ser skiltet mot Li. Me gjer merksam på at vegen er smal, men er verd å køyre for å oppleve denne spektakulære staden!
Nede ved fjorden ligg naustet til Litunet. Det er skilta til naustet. Har ein båt, kan ein leggje til ved kaien og gå/klyve opp lia til Litunet. Obs! Det er veldig bratt så ein må ha gode sko