Suldal
RFF2009-070-098

Litunet

Museumsgard med vakker utsikt over Hylsfjorden
OPNINGSTIDER  2023 I sommar tilbyr me guida tur for sprekingar til Li Sjå Helgøy Skyssbåt for billett KONTAKT Helgøy el. Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no Elles i året: Omvising på førespurnad for grupper, kr 150,- pr pers, minstepris 1500,- samt kr 850,- pr påbegynte time

Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden

I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommer mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974

Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser

Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden

PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA

Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen

Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. Lat deg overraska

I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Litunet. Husk å bruke appen når du drar på oppdagingsferd!

Appen er gratis og kan lastast ned her

TILKOMST
Vegen til Li ligg mellom Sand og Suldalsosen. Ta av frå riksveg 13 når du ser skiltet mot Valskår. Køyr på denne vegen til du ser skiltet mot Li. Me gjer merksam på at vegen er smal, men er verd å køyre for å oppleve denne spektakulære staden!

Nede ved fjorden ligg naustet til Litunet. Det er skilta til naustet. Har ein båt, kan ein leggje til ved kaien og gå/klyve opp lia til Litunet. Obs! Det er veldig bratt så ein må ha gode sko

 

Bli Medlem