For opningstider, sjå Aktuelt
PRIS
Gratis inngang til kafé og museumsbutikk.
Inngang utstillingane: vaksne kr 100, barn gratis
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet
KONTAKT
Nesasjøhuset, Nordenden 14, 4230 Sand, Tlf (+47) 52 79 29 50
Ryfylkemuseet, Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
Nesasjøhuset er hovudsetet til Ryfylkemuseet. Huset ligg flott til i Nordenden på den autentiske/idylliske strandstaden Sand. Sand ligg langs Nasjonal Turistvei Ryfylke i Skattkammeret Suldal midt i Ryfylke
Sjøhuset blei bygd i dei gode sildeåra kring 1850. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Seinare har huset vore brukt som tønnefabrikk og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet flytta inn i huset i 1991
Her er det utstillingar, museumsbutikk, ein kafé og ei rekke arrangement gjennom året
MUSEUMSBUTIKK
I første etasje er det ein flott museumsbutikk med eit godt utval av lokalhistorisk litteratur, lokale handverksprodukt, leiker og honning og mykje meir (du kan og bestille nokre av bøkene våre i nettbutikken)
KAFÉ
På Nesasjøhuset er det ein fin kafé med utsikt mot Sand og fjorden. Her kan du kjøpe varm drikke, eplemost, iskrem og ein lefsebete
BRØDRENE AF SAND
I sommarsesongen ligg jekta Brødrene af Sand utanfor museet dersom ho ikkje er på tur. I vår gratis app kan du finne ut meir om båten som på folkemunne berre blir kalla Brødrene
UTSTILLINGANE
I 2. og 3. etasje har vi både skiftande og faste utstillingar. Det flotte, ljose rommet i 2. etasje blir og bruka til konsertar og andre arrangement
SKIFTANDE UTSTILLING
I 2. etasje har vi skiftande utstillingar.
KVITEBJØRNEN
I 3. etasje har vi Kvitebjørnen. Ein interaktiv utstilling for barn som inviterer til leik og fantasi. Utstillinga byggjer på ei forteljing av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907). Løland er ein av dei viktigaste forfattarane innan nynorsk barnelitteratur. I utstillinga møter barna ei eventyrverd der dei kan vandre gjennom forteljinga, kle seg ut, klatre i borger, leika konge i speglsalen, lage dyr av kongler og kvister eller setje seg ned å lese ei bok