OPNINGSTIDER
Løa med utstilling er ope heile året. Få skjulte forteljingar gjennom vår gratis nedlastbare app ‘Ryfylkemuseet’.
Husa på tunet er stengde, men opnast for grupper etter forespørsel
PRIS
Gratis inngang i løa
Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)
GRATIS APP
På skattejakt med mobilen i handa. Med appen vår Ryfylkemuseet kan du læra meir om Røynevarden
KONTAKT
Røynevarden
4237 Suldal
Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
Like ovanfor Suldalsvatnet med nydelig utsikt til Bråtveit og Suldalsheiane ligg husmannsplassen Røynevarden. Som husmannsplass kan bustaden daterast tilbake til ca. 1805
STOVENE
Den eldste stova, røykstova, eller rotastova som ein seier i Suldal, er truleg frå 1820-åra. I denne stova budde det folk like til 1893, men då familien blei for stor fekk ungane sova på sauhuslemen
BONDELIVET
Alt kan synast smått på Røynevarden, men plassen var blant dei beste i Suldal. På det jamne var det mogleg å fø to kyr, fem geiter og nokre sauer. Poteter vart avla til husbruk og korn vart sådd på dei mange åkerlappane. Høy blei slått og samla i liane og i heiane
Det er i alt seks hus på Røynevarden; to stovehus, løe, sauhus, geithus og eldhus
Plassen vart sjølvstendig småbruk i 1915 og fråflytta i 1946
RESTAURERINGSARBEID
Ryfylkemuseet har gjennomført eit omfattande restaureringsarbeid av bygningane. I 2013 blei ein rekonstruksjon av løa ferdigstilt
Arbeidet med løa har vore eit viktig læreprosjekt for museet sine handverkarar. I løpet av prosessen arrangerte vi fleire kurs for å lære om byggemåten. Det har vore lagt stor vekt på å kopiera materialane frå den gamle løa og bruka tradisjonskunnskap i arbeidet
Fjoset er rekonstruert etter fotografi, og frå spor og avtrykk i jorda og frå løeveggen som stod att
UTSTILLING
I eine enden av løa finn ein ei enkel utstilling som fortel om garden og folka som budde på Røynevarden
TILKOMST
Røynevarden ligg langs riksveg 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten. Det går ein sti opp frå vegen (ca. 200 m). Ta med nistepakka og nyt den flotte utsikta over Suldalsvatnet
PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen
Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. La deg overraska
I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd
Appen er gratis og kan lastast ned her