Viga
Viga er ei perle av ein museumsgard med høg kulturhistorisk verdi. Me reknar med at det har budd folk i Viga gjennom eit par tusen år. I området finst det...
Adresse
Viga, Vigavegen 33, Hjelmeland
Opningstider
9. juli – 16. august
Torsdag – søndag kl. 12.00-16.00
Omvising utanom sommarsesong er mogeleg. Sjå «Bestill omvising».
Viga
er ei perle av ein museumsgard med høg kulturhistorisk verdi. Me reknar med at det har budd folk i Viga gjennom eit par tusen år. I området finst det fleire gravhaugar og det er gjort funn frå vikingtida. I skriftlege kjelder kan me følga garden heilt tilbake til 1500-talet
Viga var eit av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og folket på garden hadde fleire tenestefolk. Driftsgrunnlaget var åkerbruk og husdyrhald, men det vart òg dyrka frukt. I 1990 etablerte Ryfylkemuseet ein frukthistorisk hage i Viga med over 100 tre som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke
I 1955 vart Vigatunet fråflytt, og overtatt som museumstun i 1970. Den tidlegare eigaren let ein vesentleg del av inventaret stå att i husa. Ein kjem dermed tett på dagleglivet til personane som budde på tunet og ein får eit autentisk innblikk i levesett, gardshald og arbeidsmetodar
Tunet
Tunet slik det står i dag er slik det vart sjåande ut i 1821. I dag står eit stovehus med røykstova frå 1600-talet, eldhus, stabbur, løe og ei mindre stove kalla Sisselastova på tunet
Restaurering
Ryfylkemuseet har gjennomført ei omfattande restaurering etter gamal byggeskikk og metodar i Viga. Spesielt løa har vore eit stort prosjekt som det er verd å ta ein kikk på. I løa er det ei eiga utstilling om tradisjonshandverket
Utstillingar
I Viga kan ein sjå utstillinga Viga – garden og folka, og den digitale forteljinga, Arbeid året rundt, som handlar om arbeidet på to fruktgardar i Hjelmeland. Du vil også finne ei utstilling om tradisjonshandverket og ei utstilling om Frukt- og bærdyrkinga i Ryfylke
Sommarsesong
I sommarsesongen tilbyr vår lokale guide omvisingar og fortel om livet i Viga. Garden husar òg ei stor gjenstandssamling og er rik på kulturhistoriske opplevingar.
Tilkomst
Viga ligg flott til i nærleiken av Nasjonal Turistveg og Discovery Route. Skal du frå Preikestolen til Trolltunga på sommarstid anbefalar vi å ta turen innom Vigatunet for ei oppleving utenom det vanlege