BYGDA OG GARDEN I 1920 OG 30-ÅRA

50 år er ingen lang periode. Likevel er livsforholda totalt forandra i bygdene våre i denne tida. Kven kunne tenkja seg ei bygd utan lys og kraft i dag, der ein mjølka med hand og pløgde med hest? Blodslit seier somme som var unge i den tida, dei gode gamle dagar er andre sin dom. Noko rett er det i begge synsmåtane. La ass ta for oss eit vanleg gardsbruk i Rennesøy eller kvar som helst i Ryfylke i denne tida og sjå litt på arbeidstilhøva og årsrytmen 50 år tilbake og livsforholda for unge og eldre. Ein kjem ikkje bort frå at tradisjon hadde meir og seia før enn nå. Driftsmåtane på land og sjø var stort sett dei same gjennom generasjonar.

Ingen våga å satsa på spesialdrift med til dømes rein mjølk eller kjøtproduksjon. Marknadstilhøva var for usikre. Det var ingen jordbruksavtale den gongen, og jordbruks- samvirke var lite og svakt utbygt. Marknadsregulering var ukjent, slik at det til tider var stor overproduksjon av jordbruksvarer og prisane vart derfor dårlege. Eit mjølkeoppgjer frå 1932 syner ein mjølkepris på 6 øre literen for juni månad. Egg var heilt nede i 70 øre kiloen, ull 1,30 – 1,60 kr etter kvalitet. Kjøtprisen var i samsvar med mjølkeprisen og svinga mellom 0,60 kr og 1,10 kr for kiloen alt etter kva slags dyr kjøtet kom frå. Det sa seg sjølv at dei økonomiske tilhøva ikkje gav høve til påkostnad eller nyinnkjøp. Dessutan var renta høg: 6 til 7 prosent. Sparsemd var derfor ikkje berre ein dyd, men heilt nødvendig. Dette var litt om dei økonomiske tilhøva på gardane rundt 50 år sidan.

Som ein skjønar var der lite og ikkje pengar blant folk. Ungdommen hadde ikkje råd til skulegong og utdanning slik som i dag. Dette førte til at mange vart gåande heime. Andre tok seg teneste for 30 kr månaden i sommarhalvåret og 15 kr pr. månad om vinteren. Likevel var der ein og annan som på ein eller annan måte såg seg råd til å ta vidare utdanning. Dei kom heim att med nye idear og fagkunnskap som kom vel med i bygdesamfunnet. Eg har tidlegare nemnt overproduksjon som ein årsak til låge prisar og vanskeleg marknadstilhøve. Eit slåande døme på dette er jærbuen som kom til byen med eit lass lam som ingen slaktar ville kjøpa, og som han måtte ta med seg heim att. Då han vart spurt om korleis det gjekk, var svaret: «Eg fekk då visa dei Valbergtårnet». Ein skjønar at livskrava, i dag kalla levestandard, var sers låge både i bygdene og i byane. I byane herja arbeidsløysa.

Vil ein spørja korleis det var med trivnaden rundt i grendene, lyt ein svara: Folk fann seg vel til rette. Bygdelivet var sterkt og miljøet godt. Der var mykje folk på gardane og i fiskebåten.

Fiskebåtane er ei heil soge for seg sjølv. Mest alle skulle på sildefiske når vårsilda tok land langs heile kysten, og stundom langt inn i fjordane. Ein flåte av fiskeskøyter høyrde heime i Rennesøy. Mannskapet frå grendene her såg sildefiske som ei god attåtnæring. Sildeprisen svinga frå dag til dag ettersom fisket skreid fram og etter kor mykje sild som vart fiska.1931-32 var rike sildeår, men vonde år for fiskaren. Sildeprisen kom heilt ned i kr 1,- for hektoliteren.

Det kunne ikkje verte stor lot for mannskapet under slike forhold. Det var som regel 6 mann

på skøyta. Ein sesongfangst vart rekna som bra dersom ein fekk 2000 hl. Det var ikkje mange kronene slitet gav, men dei var verdfulle. Dei kom godt med attåt dei inntektene som gards- bruket gav.

Under sildefisket var det kona som hadde gardsstellet. Til hjelp hadde ho kan hende skuleborn eller ei tenestejente. Tenestejenter var det mange av på gardane. Det var ikkje alltid husbonden fann att same øyken på båsen når han kom att frå fisket som då han reiste. Korleis det gjekk med lam og sauer har me ikkje høyrt noko om, men ein del ufrivillig byte gjekk nok føre seg. Det var noko ein rekna med og ikkje tok så svært nøye.

Så snart karane kom heim frå fisket midt i mars månad, tok våronna til. Gjødsla skulle ut snarast råd. Ein måtte nytta jordråmen og vårregnet for å få best mogeleg nytte av gjødsla. Folk og hestar vart hardkøyrde i denne tida. Gjødsla blei lessa og spreidd med greip. Dette var langdrygt arbeid, for husdyrhaldet var stort her i Rennesøy. Attpåtil skulle ein horva og så.

Kanskje måtte ein også pløya den åkeren som ein ikkje hadde pløgd hausten før på grunn av bløyte og styggevêr.

Det vanlege var at kyrne kalva om våren. På den måten sparte ein vinterfór og arbeid når karane var på fiske. Avdråtten tenkte ein mindre på. Under 2000 kg mjølk på kua var vanleg og 2500 kg var storvegs. Beste kyrne i fylket var å finna på Sørbø. Derifrå vart avlsdyr spreidde rundt heile Rogaland og vidare.

Når åkrane låg nyhorva og isådde – i seg sjølv eit fagert og løfterikt syn – kyrne hadde kalva og sauene hadde fått lam, då først var våronna ferdig og ein kunne ta det litt roleg. Litt nydyrking, vedlikehald av gjerde, hus og jord vart tida fram til slåttonna nytta til. I denne tida gjekk torsk og lyr på grunt vatn og mange nytta høvet til å fiska husfisk til bruk fram etter året. Siste arbeidet før slåttonna var saueklipping. Det vart halde for slarv å ikkje ha klipt før slåtten tok til ved jonsoktider.

Slåtten var travlaste tida i året. Reiskapen var slåmaskin, hesterive og høyvendar. Utgamle reiskap som ljå og handrive blei nå berre brukt i bratte og vanskelege teigar. Vêrvarslinga gjennom radio var ukjent så dei gamle vêrmerka stod enno høgt i kurs. Mang ein diskusjon mellom folket på garden om kor mykje ein våga leggja ned på ein gong kom i gang. Godt berga høy kunne spara mange pengar i vinterfôringa. Vart høyet ”ringt” laut ein kjøpa meir kraftfôr, og avdråtten vart mindre. Å hesje høyet var ikkje vanleg i Rennesøy før fram mot siste krig. Hesjing vart snart avløyst av siloane som byrja koma så smått i slutten av 30 åra. Der var ein viss kappestrid gardane imellom i slåtten. Det var aldri gildt å liggja etter naboen i høyonna så alle måtte vera med og ta sitt tak. Arbeidet med såting og kasting kunne alle vera med på, både små og store. Det var og viktig å verta tidleg ferdig på føremiddagen slik at ein fekk lang tørkedag. Høykøyringa tok til om ettermiddagen og varte til kveldsråmen kom. På dei fleste gardane var der to hestar med langsledar i arbeid, ein mann lessa, ein annan køyrde og lessa av i løa. I løa var det born og anna høyonnfolk som tok mot høyet og velte og drog det ut til kantane. Det var eit varmt og tungt arbeid som kunne ta motet frå nokon kvar.

I gode år kunne høyonna vera unnagjort på tre veker. I regnår kunne tida doblast. Når

høyonna var ferdig, vart det rolegare tider att. Litt ugrasluking i åkrane og anna arbeid som skulle gjerast fram til skurden og potetopptaket, gjorde ein då. Noko stor kornbygd har Rennesøy aldri vore. Men kvar gard hadde likevel sin kornproduksjon større eller mindre alt etter jordvidda på eigedomen. Dersom åkeren stod, vart slåmaskin med meieapparat brukt. Meieapparatet la kornet i høvelege dungar og så gjekk andre etter og batt kornet saman i band. Dette arbeidet gjekk bra unna og ein kunne skjera fleire dekar om dagen. Verre var det dersom der var legde i åkeren. Då måtte sigden og langorven med samlebandet fram. Sigdeskuren røynde både på rygg og musklar. Eit godt dagsverk var 40 rauk. Ein rauk er

6 kornband, altså 240 band til dagen. Langt frå alle rakk eit slik tal på dagen. Tørking i rauk var den vanlege bergingsmåten og i vanlege år godt brukande. Berre få byrja potetopptaket før kornet var kome i hus.

Potetproduksjonen i Rennesøy er eit kapittel for seg sjølv. Ingen stad i landet er høvelegare for potetdyrking enn i våre bygder. Våren kjem tidleg, nedbørsmengda er høveleg og jordsmonnet høver særs godt til poteter. Dei naturgjevne fordeler førte til at her etter kvart vart stor potetdyrking i kommunen. Rennesøy poteter fekk etter kvart godt ord på seg nord etter kysten. Særleg var Bergen ein stor og god marknad.

Mange skøyter gjekk i denne farten kvar haust. Det var berre å henta poteter rett frå åkeren og opp i kjerra, og så på kaien og få lasset målt i bergenstønner. Ei bergenstønne er 8 skjepper og er ca 120 kg. Ei god kjerre skulle ta 3 slike tønner. Samanlikna med prisen på andre varer, var potetprisen slett ikkje dårleg.

10 kr pr tønne var vanleg pris. Den lettvinte leveringsmåten og prisen gjorde at potetarealet var stort og gav god innkome til bygdene våre. Sjølvsagt kunne ikkje alt verta sendt om hausten, så fleire skøyter gjorde bergensturar fram etter vinteren like til sildefisket byrja. Då drog dei på fiske. Skøytekarane kjende både seljar og kjøpar i Bergen, og visste vel om når det var høveleg tid til å ta seg ein ny bergenstur. Når potetene var selde eller lagde inn for lagring, var det treskinga ein hadde i tankane. Men først måtte haustmarken vera unnagjort.

Det var med haustmarken som med dei store høgtidene, ymse arbeid vart tidfest til føre og etter marken. Treskinga var eit typisk etter-marken-arbeid. Fire – fem gardsbruk åtte eit treskeverk saman. Dei var eit treskelag, og arbeidde saman under treskinga. Verket vart drive av ein 4-takts stasjonær motor, tung og usvimen med mykje malm i godset, men mindre tyngd i ytinga. Viktigaste personen i treskelåven var motorpassaren, som skulle sjå etter at ikkje motoren, sin vane tru, stansa så alt for ofte. Desse motorane var vatnavkjøla, og store mengder vatn skulle til dersom ikkje motoren skulle gå seg varm. Det var arbeid for skuleungar å bera vatn til motoren. Motorpassaren var ikkje nådig mot den som skulka unna. I treskelåven var dumba kvass og lyset lite. Mange kom ut or låven og såg ut som dei skulle ha fare gjennom skorsteinen. Men arbeidet vart gjort og dersom motoren ikkje kvilte alt for mykje, vart ein til vanleg ferdig på dagen i dei einskilde løer. Når treskinga var ferdig, og kornet sendt til maling, lei det så langt på hausten at vinteren stunda til, og ein laut så smått tenkja på jula, og alt det bar med seg av arbeid og førebuing.

Av Olav Nesheim, for Rennesøy Pedagogisk senter 1980.

 

Oppgåver for elevar knytt til teksten

  1. Les teksten. Lage ei samanlikning mellom 20-30 åra og nå. Du kan gjerne velja ei årstid etc.
  2. Samla bilete som viser arbeidssituasjonen i 20-30 åra.
  3. Kva arbeid er det nå mest eller heilt slutt med?
  4. Intervjue besteforeldre om desse åra. Lag spørsmål og la læraren sjå dei før de startar. Noter ned det som blir sagt, og/eller ta opp intervjuet på td. mobilen.
  5. Leit i løer og uthus heime om de finn reiskap frå denne tida. Teikna eller fotografera dei. Forklar og fortel for klassen.
Bli Medlem