Bygningsvernsenter

Gratis synfaring og rådgjeving

Er du eigar eller forvaltar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du kontakte oss for gratis råd og rettleiing. Ryfylkemuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der du kan få besøk og rådgjeving av våre tilsette med kompetanse på eldre bygningar.

Bygningen treng ikkje vera freda eller formelt verna for at du kan nytta deg av tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om bygninga di er innafor ordninga.

Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad, og gjeld bygningar og anlegg i Ryfylke.

Gjennom denne ordninga kan du få:

  • Besøk av ein handverkar eller bygningsvernrådgjevar med kompetanse på eldre bygningar
  • Praktisk gjennomgang av eige bygg
  • Svar på spørsmål om eldre hus
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
  • Informasjon om støtteordningar

Etter synfaringa får du eit kort skriftleg notat om bygningen og kva me såg på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilete eller informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. På synfaringa og i rapporten blir den generelle tilstanden vurdert. Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom du tillèt det.

Restaureringsarbeid ved Viga museumstun (Ryfylkemuseet), Hjelmeland.
IMG_3025-scaled

Rådgjeving i større prosjekt

Dersom du har behov for langvarig rådgjeving i konkrete restaureringsprosjekt kan me fungere som rettleiar etter nærare avtale. Dette blir gjort etter gjeldande timepris.

Ta gjerne kontakt med oss!

Langvarig/større arbeid gjer me etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga har eit større omfang enn den gratis første synfaringa. Dette er eit arbeid som krev ein grundig gjennomgang på plassen. Her utarbeidar me ei oversikt over alle bygningselementa i huset. Me set tilstandsgrad og konsekvensgrad på dei bygningsdelane me kan kome til, supplert med nokre tilrådingar. Dette er typisk eit dokument som blir brukt for å få pris på arbeidet av utøvande handverkarar, som igjen kan brukast for å søke om tilskot. Tilstandsvurderingar frå Ryfylkemuseet er basert på NS-EN 16096:2012. Me undersøker normalt ikkje tekniske anlegg og utandørs konstruksjoner som ikkje høyrer til bygningen (t.d. veg- og hageanlegg).

Prisen vil variere ut frå omfanget og blir fakturert etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

36344268_10160517648010285_3499496050920521728_n
DSC01729-2-scaled

Antikvarisk verkstad

Ryfylkemuseet jobbar jamleg med restaurering eller reproduksjon av bygningsdelar. Me har òg ein eigen laftehall til større prosjekt.

Me kan i tillegg lage verktøy tilpassa spesielle oppgåver. Døme på dette kan vere profilhøvlar eller liknande.

Prisen for slike tenester varierer ut frå omfanget og må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Delebutikk

Mange eldre bygningsdelar er av svært høg kvalitet og kan han lang levetid med rett vedlikehald. Ryfylkemuseet er i ferd med å bygge opp eit utval av bygningsdelar for gjenbruk.

Treng du eit gamalt vindauge, ei dør, gamle takpanner/skifer eller liknande, er det berre å ta kontakt, så skal me sjå kva me har inne.

Prisen varierer etter kva bygningsdel det er snakk om. Generelt er det låge priser på dette hjå oss, då me ønsker å stimulere til gjenbruk.

IMG_3091-scaled
RF-stalhall-kurs-RFF2013-018-082-scaled

Kurs

Ei av oppgåvene til Ryfylkemuseet er å spreie kunnskap om bygningsvern og tradisjonshandverk. Me arrangerer med jamne mellomrom kurs innan restaurering eller anna knytt til bygningsvernet. Ofte bli kursa haldne i samband med vedlikehaldet av museet sine eigne anlegg, men er det eit spesielt spanande eksternt prosjekt, kan kursing inngå som ein del av dette.

Døme på kurs me har hatt, er restaurering av vindauge, vedlikehald og produksjon av verktøy, laftekurs, neverriving og liknande.

Følg med på kalenderen vår for å sjå kva som skjer!

Synfaring på eldre hus

Adresse til objektet
Dra og slipp filer her, eller
Max. file size: 50 MB, Max. files: 5.