VInterferie på Ryfylkemuseet
Nesasjøhuset held ope kvar dag i vinterferien kl. 11:00-16:00.
Velkommen innom Nesasjøhuset i vinterferien.
Ny utstilling: Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunad
Denne vandreutstillinga er produsert av Norsk folkedraktforum og viser over 70 handaga hovudplagg frå heile landet, deriblant pinnhua frå Suldal.
Kva amerikakista gøymde
Utstillinga løftar fram menneska bak utvandringshistoria, med særleg fokus på tekstil og draktkultur.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Suldal Husflidslag og del av utvandrarmarkeringa Crossings200.
Kvitebjørnen
Kom og leik i Kvitebjørnen, ei interaktiv utstilling for born i alle aldrar. Lytt, sjå, kle deg ut som prinsar og prinsesser og klatra i dei tre slotta.