FISKE

Utfyllande opplysningar om fiske.

Vårsildfisket
Hovudfisket på Rogaland-kysten var vårsildfisket, i februar – mars. Det var ei rolig tid i jordbruket. Dei fleste rennesøybuar var fiskarbønder. Dei hausta av naturen både på sjø og på land.

Sildefiskarane frå Rennesøy dreiv med garn. Dei var saman i båtlag med 5 mann på ein fiskebåt. Båtane var store og opne. Kvar mann hadde gjerne 7 garn med seg. Garna vart sette om natta, og trekte i grålysinga.

Under sildefisket budde og sov fiskarane i lasterommet i båten, eller i sjøhus på land. Etterkvart nytta dei utrangerte seglskutar som losjifarty. Maten hadde dei med seg heimanfrå. Det var ofte ikkje tid til meir enn to måltid om dagen.

Kring 1920 vart skøyta tatt i bruk som fiskebåt. Fiskarane kunne ligga i båten og dei fekk etterkvart utstyr som letta arbeidet, som motordrivne rullar og spel, og seinare også elektrisitet og radio.

Silda forsvann i nære farvatn rundt 1910. Då gjekk ein over til å fiska makrell som vart eksportert til Amerika.

Brislingfisket
Brislingfisket starta i mai – juni og varte til utpå hausten og gjekk føre seg i Ryfylke-fjordane. I åra før 1900 var hermetikkindustrien i rask vokster. Brislingen vart først fanga med landnot. I åra før 1910 vart snurpenota tatt i bruk.

Fiskeklepp
Ei fiskeklepp vart brukt til å huka fast fisken med når han skulle dragast om bord.

Utfyllande opplysningar om fiske.

Bli Medlem