DSC_0162

Kva kan ein finna i arkivet?

Folkemusikkarkivet dokumenterer lokal musikk og dans som har levd i ein munnleg tradisjon. Noko kan ha vore i ein slik tradisjonsstraum i fleire hundre år, anna kan ha kome til i seinare tid. Slik inneheld arkivet både stoff med røter tilbake til mellomalderen og nyare stoff som er dikta eller komponert på 1900-talet. Her er altså eit stort mangfald. Materialet i arkivet ligg der for at det skal vera mogleg for alle å ta det i bruk igjen. Kom på besøk og lytt! Me kopierer ut opptak der det er gitt løyve til det, og det er det gjort i dei fleste tilfella.

Dansen
Takka vera opptak og intervju frå 1970-åra og dansarar som har lært direkte frå dei gamle, er springardansen frå Suldal framleis i bruk. Rogaland er her ei viktig brikke i det store mangfaldet av eldre pardanstradisjonar som eksisterer i Norge. Me har også opptak av runddans og songleik frå fleire stader i fylket, og ein god del intervju som inneheld opplysningar om dansetradisjonar. I tillegg er det gjort nedteikningar av ulike dansar frå fleire stader i Rogaland.

Vokalmusikken
Me har opptak med nesten alle sjangrar innan den tradisjonelle vokalmusikken. Særleg stort og interessant er innhaldet av religiøse folketonar, elles dominerer barnesongane. Ein finn òg gamlestev, nystev, slåttestev, mellomalderballadar, slåttetralling, sjanti og viser – både skjemteviser, kjærleiksviser, sjømannsviser, rallarviser og åndelege viser. Heile fylket er representert.

Instrumentalmusikken
I Rogaland er hardingfelemusikken dominerande. Det er eldre springarar og hallingar, brureslåttar og nyare runddansmusikk som vals, reinlender, polka og masurka. Typisk for store deler av dette stoffet er ein særeigen, eldre tonalitet. Det finst ein god del opptak med spelemenn, særleg frå Bjerkreim og Suldal, men også noko frå andre område. Det finst òg opptak med durspel (toradar), trekkspel, munnspel og trommestikker i arkivet.

Arkivet er ope for besøk etter avtale, og under rettleiing frå arkivarane våre kan ein lytta seg gjennom nesten 80 år med opptak.