Bunadsglede – 20. nov. kjem Dagny F. Ringhagen med sypikene: Bunadskjorter – kvitsaum

Prosjektet Bunadsglede frå Norges Husflidslag, skal auka kunnskapen om bunad og spreia entusiasme for tradisjonshandverk. Alle som ønskjer skal kunna ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar. Ein ønskjer særleg å få med ungdom og unge vaksne.

Målet er at fleire skal bli kjent med eigen kulturarv, og få prøva seg på ulike teknikkar brukt i bunadene, for å senke terskelen for å brodera, sy og reparera bunaden sjølv.

18. september

Søstrene Myhre: Ullbroderi – dei ulike rogalandsbunadane

9. oktober

Husflidskonsulent William Riedlinger: Vevde band

Søstrene Myhre: Bregdaband

20. november

Dagny F. Ringhagen med sypikene:

Bunadskjorter – kvitsaum

Tid: 18.00 Stad: Nesasjøhuset på Sand

Pris: 100 kr.

Etter temadelen blir det Bunadskafé der ein meir uformelt kan

arbeida med sine ting, utveksla kunnskap og erfaringar.