Bunadsglede – våren 2026

Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet er klare for ein ny sesong med bunadsglede.

Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet er klare for ein ny sesong med bunadsglede. Kveldane blir på same måten som me hadde i haust, med nye og spennande tema. Fram til konfirmasjonstider og 17. mai, får me læra meir om stell og vedlikehald av bunadsskjorter og bunadssølv. Bunadskafeen etter fagdelen, er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld.

Logo Suldal PNG
Bunadsglede – eit samarbeid med Suldal Husflidslag

Prosjektet Bunadsglede frå Norges Husflidslag, skal auka kunnskapen om bunad og spreia entusiasme for tradisjonshandverk. Alle som ønskjer skal kunna ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar. Ein ønskjer særleg å få med ungdom og unge vaksne.

Målet er at fleire skal bli kjent med eigen kulturarv, og få prøva seg på ulike teknikkar brukt i bunadene, for å senke terskelen for å brodera, sy og reparera bunaden sjølv.

Torsdag 21. mai kl. 18
Frå Løland til Fæbrikstad – William Riedlinger

– ein uformell rundtur i utviklinga frå folkedrakt via bunad til festdrakt.

Husflidskonsulent William Riedlinger tek oss med på ei reise gjennom Rogalands meir eller mindre kjende bunadshistorie. Me får ein enkel presentasjon av dei ulike draktane og bakgrunnen for dei. 

Etter denne rundturen, har me ein meir uformell Bunadskafe der me deler Bunadsglede, og kanskje også litt frustrasjonar i nokre tilfelle. 

Dette blir siste arrangmentet i serien Bunadsglede – fagleg tema og bunadskafe. 

Bunadsglede er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Suldal Husflidslag. 

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Tid: 18.00

Stad: Nesasjøhuset på Sand

Pris: 100 kr.

DATOAR FOR for våren 2026: