Folk på fredag 2. oktober 2026

SIGRID MOLDESTAD TRIO + Lazy River

FOLK på FREDAG!
Kjøp billett på førehand på Suldal Kulturhus

2. oktober 2026
kl 19.00: DRØS opnar
kl 20.00: Konsertar:
Lazy River
SIGRID MOLDESTAD TRIO

Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat

LAZY RIVER
Robert Averkios Antonsen (gitar, vokal), Kjetil Larsen (trommer), Håkon Nielsen (bass)
Tremannsbandet Lazy River spelar elektrisk blues som ein del av den tradisjonelle, amerikanske folkemusikktradisjonen. Med gitar, vokal, bass og trommer presenterer bandet eit program inspirert av den rå og direkte bluesstilen som vaks fram i USA på 1900-talet. Musikk og livet ved dei amerikanske elvebreddene frå slavetida, dei lokale elvebreddene i Kristiansand og på Sand, er grunnlaget for Lazy River sin musikk.

2026.10.02 pressefoto Lazy River_foto xxx


SIGRID MOLDESTAD TRIO
Sigrid Moldestad (hardingfele, fele, song)
Sigrid Moldestad er av Noreg sine fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk, og har sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å røra publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli. Ho vaks opp i den bygda Breim, Nordfjord og vart tidleg introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå heimområdet sitt. Det er denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv. I 2023 gjorde ho det solistiske folkemusikkprosjektet «Breim», som vart nominert til Spellemannspris og Folkelarmpris. Til Folk på fredag kjem ho i triobesetning med glimrande musikarar frå bandet sitt.

2026.10.02 Sigrid Moldestad_FOTO_ Øystein Ha ara 2

Foto: Øystein Haara


DRØS held ope og serverer heimelaga mat og fredagsdrikke etter ønskje.


Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs, og er støtta av Norsk kulturråd
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 975 034 63

MEIR FOLK PÅ FREDAG:
6. november: Våg!+ Folkemusikk- og dansekavalkade