Folk på fredag 25. september 2026

EDEN/KVIFTE/NESHEIM TRIO + Stavanger folkemusikklag + Vestbø/Hana om Garborg

FOLK på FREDAG
Billettar på Suldal kulturhus og i døra

25. september 2026
kl 19.00: DRØS opnar på Kulturhuset
kl 20.00: Konsertar:
Stavanger folkemusikklag,
«Me skylde han eit minnesmerke» – samtale mellom Anders Hana og Morten Vestbø om Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger
EDEN/KVIFTE/NESHEIM TRIO

Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat


STAVANGER FOLKEMUSIKKLAG
Stavanger Folkemusikklag blir med på festen! Dei er ein god gjeng frå sørfylket som spelar tradisjonelle hardingfeleslåttar, hovudsakeleg frå Rogaland, men tek seg óg ut på nokre ville omvegar gjennom dalstrøka utanfor fylket sine trygge grenser dersom dei kjem i siget. Ander Hana er musikalsk leiar.

2026.09.25 Stavanger folkemusikklag_foto xxx


«ME SKYLDE HAN EIT MINNESMERKE»
Samtale mellom Anders Hana og Morten Vestbø om bokutgjevinga «Me skylde han eit minnesmerke» som handlar om Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger. I hovudsak tar dei føre seg perioden 1900 – 1940, ei tid der Bondeungdomslaget (BUL) var ein kulturinstitusjon i Stavanger sentrum og norskdomsrørsla hadde ein sterk posisjon, med mellom anna folkemusikk, litteraturkveldar, folkedans, leikarring, foredrag, teaterframsyningar og hjelpearbeid. Me serverer eit stykke lokal kulturhistorie, frå eit miljø der Arne Garborg var sjølve åndshøvdingen.

2026.09.25 Morten Vestbø og Anders Hana_foto Ljerka Kukurin

Foto: Ljerka-Kukurin


EDEN/KVIFTE/NESHEIM TRIO
Mats Edén (feler), Tellef Kvifte (fløyter), Knut Kvifte Nesheim (trommer)
Mats Edén og Tellef Kvifte har vore pådrivarar og sentrale i utviklinga av dagens folkemusikalske samspeltradisjon. Slinkombas og Groupa, der Tellef og Mats var med i kvar sine, var frå slutten av 70-talet pionerar i ei utvikling som skaut fart utover 80-talet, og som i dag viser att i eit mangfald av folkemusikalske samspelprosjekt. Og desse karane er (framleis) i frontlinja! I denne trioen har Mats og Tellef med seg tradisjonelt repertoar frå Värmland og Agder. Ofte blir låtane utgangspunkt for variasjon og improvisasjon. Med seg har dei ikkje berre låtane, men også historier av mange slag, slik den eldre generasjonen la stor vekt på. Med på laget er også Knut; oppfinnsam trommis med ein stor klangleg palett. Dei siste ti åra har medlemmene i trioen til saman medverka på over 30 produksjonar.
Etter konsertane blir det jam, prat og meir mat, og det må vera mykje å prata om og mange å prata med i ein kveld som dette.

2026.09.25 EdenKvifteNesheim_foto xxx



———————————————————-

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittar på kulturhuset i Suldal, – eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet, Suldal kulturhus og Drøs matbar og kaffebar.
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 975 03 463.

MEIR FOLK PÅ FREDAG:
2. oktober: SIGRID MOLDESTAD TRIO + Lazy River
6. november: VÅG! + Folkemusikk- og dansekavalkade
____________________________________

Folk på fredag er støtta av Norsk kulturråd