FOLK på FREDAG 6. november
FOLK på FREDAG! er tilbake 6. november 2026!
Kjøp billett på førehand på Suldal Kulturhus
kl 19.00 DRØS opnar på kulturhuset for servering
kl 20.00 Konsertar: Suldal folkemusikklag, Ingebjørg Lognvik Reinholdt (folkesong) og Flora Wiederkehr (munnharpe) + danseframsyninga VÅG!
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, prat og mat og kanskje ein dans?
———
FOLKEMUSIKKKAVALKADE
6. – 8. november er det Folkemusikk- og dansehelg på Mo Laksegard, der rogalendingar møtest for å læra seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument og på dansegolvet. I kveld får me sjå og høyra litt kva alle desse folka driv på med. Det blir song og spel med m.a. Suldal folkemusikklag, Ingebjørg Lognvik Reinholdt (folkesong) og Flora Wiederkehr (munnharpe), og kanskje dukkar det opp ei overrasking eller to.
VÅG!
Jon Bugge Mariussen (dans, koreografi), Håkon Håvelsrud Odden (dans, koreografi), Johanne Løkensgard Mjøs (fele)
Våg! er ei kritikarrost danseframsyning som handlar om vennskap. Framsyninga tar opp ting som ofte oppstår i ein nær relasjon: identitet, konflikt, fellesskap, kommunikasjon og samarbeid. Med humor, leik og alvor følgjer me Jon og Håkon sitt vennskap gjennom oppturar og nedturar. Korleis kan me visa nærleik til kvarandre i ei verd kor me stadig kjem lenger frå kvarandre? Vågar me å stilla opp for kvarandre, eller lukkar me oss inn i oss sjølve? Våg! er ei spektakulær framsyning som begeistrar og utfordrar. Vågar du?
____________________________
DRØS held ope på Kulturhuset for Folk på fredag og serverer deilig fredagsmat og -drikke.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
Sesong 2027 er under planlegging, sesongopning 29. jan!
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Drøs og er støtta av Norsk kulturråd.