Folk på fredag
Fredag 8. mai kl 20.00:
Folk på fredag: Erik Aldner + MARK LAURENSON & VIDAR BERGE
Kulturhuset i Suldal
FOLK på FREDAG!
Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no
kl 19.00: DRØS opnar
kl 20.00: Konsertar: Erik Aldner + MARK LAURENSON & VIDAR BERGE
Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat
Inngang kr 330,-/ kr 175,-
Årskort kr 1100,-
———
ERIK ALDNER
Erik Aldner er saxofonist og suldøl. Han er utdanna saxofonist og dirigent frå Norges musikkhøgskole og han har spelt i band og dirigert kor og orkester. Når Erik ikkje spelar saxofon, driv han med prislønna sirkulære møbeltenester. For tida er han musikalsk mest aktiv med kona Amelie i duoen Appeal Sinamon. I byrjinga elska Erik noter – men etter kvart som han vart eldre spelte han meir og meir utan. No elskar han å improvisera, og det er nettopp det han skal gjera for oss på Folk på fredag. Her kan alt skje!

Foto: Vandrefilm
————————————
MARK LAURENSON & VIDAR BERGE
Mark Laurenson (fele), Vidar Berge (gitar, song)
Mark har ein djupt forankra kjærleik til den shetlandske feletradisjonen, og med inspirasjon frå legendariske Willie Hunter har han skapt eit uttrykk der energi og eleganse går hand i hand. Han har trollbunde publikum i alt frå skotske pubar til store folkemusikkscener, både som solist og i band som Fullsceilidh Spelemannslag og Aamos. Vidar Berge er kjend for virtuost strengespel, på alt som kan klimprast på. Han har røter i den vestnorske folkemusikken, men har vore innom alt frå rock til viser. Vidar har spelt med artistar som Lothepus og i folkbandet Sver, men i denne duoen står det akustiske spelet i sentrum. Saman er Mark og Vidar eit kraftverk; musikken deira er rå og raffinert, med kraftig driv og eit snev av salt sjø i tonane.

____________________________
DRØS held ope og serverer heimelaga mat og fredagsdrikke etter ønskje.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
25. sept: Stavanger folkemusikklag + Anders Hana og Morten Vestbø + EDEN/KVIFTE/NESHEIM
2. okt: Lazy River m/Håkon Nielsen + SIGRID MOLDESTAD TRIO
6. nov: Folkemusikk-kavalkade + VÅG
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.