Folkemusikk- og folkedanshelg 2026

5. - 8. november blir det folkemusikk- og folkedanshelg!

Påmelding Folkemusikk- og folkedanshelg her!

Billettar til Gorrlaus kan kjøpast her!

Gorrlaus og Ryfylkemuseet ønskjer store og små velkomne til ei långhelg med konsertar, dans, kurs, jam og mykje meir!

Søk ly frå haustens vind og væte på loftet på Tou Scene i Stavanger torsdag 5. november. Der kan du nyte reinstemte tonar frå orgel og gitar, samt suggerande slåttespel og skattar frå Hallingdal. Fredag 6. november må du pakke skreppa og reise til Suldal. Då er det duka for Folkemusikk- og folkedanshelg!


5. NOVEMBER
GORRLAUS
Dørene opnar: 1830
Konsert startar: 1900

125 års jubileum for folkemusikaren, radioverten, komponisten og musikkforskaren, Eivind Groven.
Helga Myhr: Hardingfele
+
Seamus Cater: mikrotonalt orgel
Fredrik Rasten: reinstemt gitar

Groven hadde særs interessante idéer når det gjaldt tonalitet og tradisjonsmusikk. I staden for å sjå tonalitet gjennom det europeiske klassiske 12-tone systemet, kor dei fleste tonehøgder i folkemusikken framstod som falske, meinte Groven at reinstemming (Just Intonation) var eitmykje betre verktøy. I dette systemet framstår det særprega tradisjonelle tonespråket som enkle forholdstall i staden for avvik. Reinstemminga tar utgangspunkt i naturskalaen.

Disse idéane er framleis høgst kontroversielle. Regelrett avvist av folkemusikkakademia, men omfamna av mange tradisjonsutøvarar. Groven var først og fremst folkemusikar sjølv, og prøvde å laga ein teori utifrå sin tause tradisjonelle kunnskap.

I dette høve har me gleda av å invitere til ein kveld kor me kan bada i reinstemte tonar fråorgel og gitar, høyre på suggererande slåttespel frå hardingfela og dansa oss inn i grålysningen.

Duoen Seamus Cater og Fredrik Rasten kjem til å framføra eit verk som utforskarklangmoglegheitane i det reinstemte system. Amsterdam baserte, Seamus Cater, har laga eitakustisk orgel med moglegheiter for omstemming og mikrotonale skalaer. Berlin baserte, Fredrik Rasten, har skrive ein ny komposisjon som har urframføring i kveld. Tonestykket tar utgangspunkt i klangar og tonehøgder frå folkemusikken.

Helga Myhr er i år ute med si andre solo plate! Og det er på høg tid at ho kjem tilbake til Stavanger! Materialet på denne plata er slåttar etter fleire av dei sentrale kjeldene i Hallingdal som Kristian Øvrevollseie, Sevat Sataøen, Olav Sataslåtten og Engebret Ødegård. Helga fokuserer på slåttar og slåtteformer som er sjeldan i bruk i dag og på denne konserten vil Helga syne fram slåttar ho har arbeidd med frå barndommen av og fram til nyare tid.

Etter konsertane er det ópe dansegolv som vanleg!
Denne konserten er og eit samarbeid med nyMusikk Stavanger.

6.-8. NOVEMBER
Folkemusikk- og folkedanshelg i Suldal

Det skjer 6.-8. november, på Mo Laksegard og Kulturhuset i Suldal! Velkommen til alle som vil dansa, synga, spela, lytta og sjå!

Helga startar med Folk på fredag og forestillinga Våg! med Jon Bugge Mariussen, Håkon Odden og Johanne Løkensgard Mjøs + folkemusikk- og folkedanskavalkade.

Laurdag og søndag kan ein velga i eit breitt kurstilbod for alle, uansett alder og nivå. Her kan du læra deg nye songar, dansar og slåttar, og ha det triveleg i tillegg.

Sjå påmeldingsskjema for prisar på kurs og overnatting.


KURSTILBOD:

KVEDING
Lærar: Ingebjørg Lognvik Reinholdt

HARDINGFELE
Lærarar: Alexander O. Røynstrand, Johanne Løkensgard Mjøs, Susanne Helgeland og Svein Laingen Kjerland

MUNNHARPE
Lærar: Flora Wiederkehr

DANS FOR UNGE OG VAKSNE (frå 8. klasse)
Lærar: Håkon Odden
Dansespel: Håvard Ims

DANS, SONG OG SPEL FOR BARN (frå 1. klasse)
Lærarar og dansespel: Jon Bugge Mariussen, Åshild Vetrhus og Mark Laurenson

PROGRAM

Torsdag 5. nov: Gorrlaus, Tou Scene, Stavanger

Fredag 6. nov: Folk på fredag, Suldal kulturhus.
19.00: Dørene opnar. Sal av mat og drikke frå Drøs
20.00: Suldal spel- og dansarlag, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Flora Wiederkehr + Våg! med Jon Bugge Mariussen, Håkon Odden og Johanne Løkensgard Mjøs. 

Sal av mat frå Drøs, jam og dans etter konserten.
Det blir skyss til Mo Laskegard etter konserten.

Laurdag 7. nov: Mo Laksegard, Suldal
0900: Frukost
1000: Kurs
1230: Varm lunsj
1345: Kurs
1500: Kaffi/te og saft med noko attåt
1530-17.00: Kurs
1800: Middag
1930: Huskonsert, jam og dans

Søndag 8. nov: Mo Laksegard, Suldal
0930: Frukost
1030: Kurs
1230: Felles avslutning
1300: Middag

Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.
Støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Norsk musikkråd (KOMP), Ryfylkefondet og Suldal kommune