Haust på Ryfylkemuseet

Nesasjøhuset er stengd for ombygging fram til opning av ny utstilling sommaren 2027. Sesongen på dei andre anlegga er også slutt for i år. Dette betyr ikkje at arbeidet ved Ryfylkemuseet stoppar opp, sjølv om ikkje dørene står opne kvar dag og heile dagen slik dei gjer i høgsesongen.

Denne tida brukar me godt. Bak dørene og ute i samfunnet held me fram med formidling, utvikling av utstilling og førebuing av komande tilbod. Me forskar på bygningsvern, historia og samlingane våre, frå gjenstandar, foto og dokument til lydopptak og bygningar. Me arbeider med å sikra at kunnskapen og forteljingane blir tilgjengelege for framtida.

Ute held handverkarane på med å ta vare på dei nærare åtti kulturhistoriske bygga våre. Me arbeider med øks, sag og høvel, og tradisjonshandverket blir ført vidare gjennom bygningsvernrådgjeving for private og opplæring av barn og unge. Det handlar ikkje berre om å byggja, men om å lesa spora etter dei som bygde før oss.

Me held òg folkemusikk- og dansetradisjonen i Rogaland levande. Me tek vare på slåttar, viser, film og lydopptak, og planlegg konsertar, kurs og møte mellom gamle og nye uttrykk. 6.-8. november blir det Folkemusikk og -dansehelg på Mo Laksegard. 

Kvitebjørnen på Nesasjøhuset og museumsgardane rundt i regionen er framleis ope for besøk, men det må avtalast på førehand. 

Ta kontakt med oss, så finn me ei tid som passar. Me ønsker deg hjarteleg velkomen!