Kulturvernkafé
Dato: 13. september
Klokkeslett: 12.00
Kor: Foss, Suldal
Me prøver oss med kulturvernkafe, og inviterer til besøk hjå Kristin Bern og Erling Ritland på Foss i Suldal.
Foss er ein gard med fleire bruk, midt mellom Sand og Suldalsosen. Særleg det eine bruket på Foss har eit godt bevart bygningsmiljø med våningshus, stabbur, smie, eldhus, kvernhus og to stølar. Fleire av bygningane er gjevne vernekategori A i SEFRAK-registeret, noko som vil seie at dei kan ha nasjonal verdi. Eldst av bygningane på garden er sannsynlegvis våningshuset og stabburet, frå tidleg på 1700-talet. Foss var eit fellestun for fleire bruk, men dei er i dag fordelt på fleire små tun.
Kristin og Erling har restaurert gardshuset og stabburet på tunet sitt frå forfall til ein perle, og har fått Suldal kommune sin velfortente kulturvernpris for dette. Me får høyra om historia til garden og resatureringsprosessen.
Fortidsminneforeininga vil orientera om tilskottsordningar, og Ryfylkemuseet vil fortella om kva Bygningsvernsenteret kan hjelpa med.
Det blir kaffi og noko å bita i.
Velkomen alle interesserte.
I samarbeid med Fortidsminneforeininga.
Arrangementet er ein del av Rogaland fylkeskommune si bygningsvernrådgivingsteneste.
Eit arrangement i regi av Kulturverndagane.