Kurs i Lokal Laftetradisjon – Oppstart 19. september
Når: Oppstart første 19. september
Kor: Handverksløa på Puntsnes i Hjelmeland
Målgruppe: Handverkarar og andre med interesse for tradisjonshandverk
Instruktørar:
Tradisjonshandverkar Jan Gunnar Helmikstøl og Leif Harald Jørmeland
Mentor: Museumshandverkar Sven Hoftun
Deltakaravgift: Ingen
Påmelding til: Leif Harald 90525420/ Jan Gunnar 90687120
Påmeldingsfrist: 1.august
Kurset vil bygga på lokal laftetradisjon funne i ståande bygg rundt Lysefjorden og nokre andre stadar i Rogaland. Gjennom praktisk arbeid ønskjer me å formidla og vidareføra denne tradisjonen til handverkarar og andre som ønskjer å ta den i bruk. Læra ved å gjera.
Kurset vil bli tilrettelagt med ein kursdag og ein kveld i veka. Etter avtale med deltakarane vil det og leggast opp til nokre laurdagar. Dette for å gi moglegheit for deltaking for flest mogeleg.