Kurs i søknadsskriving 15. oktober 2026
Kor og korleis søke støtte til restaurering av kulturminne?
Har du eit gamalt hus som treng omsorg? Er du usikker på kva du skal gjera, og er du nysgjerrig på kva støtteordningar som finst? Me har gleda av å invitere til informasjonskveld for huseigarar, handverkarar og andre med interesse for bygningsvern. Her kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen.
Program
16.30 – 17.00 Registrering og velkomst.
17.00 – 18.00 Støtteordningar. Rådgivar Øyvind Malmin.
18.00 – 18.30 Korleis ta dei rette vala når du skal restaurere? Arkitekt MNAL Simen Bie Malde.
18.30 – 19.00 Kaffipause og småprat.
19.00 – 19.30 Kva kan Ryfylke bygningsvernsenter hjelpa deg med? Avdelingsleiar Lise Johnsen.
19.30 – 20.00 Kva kan Fortidsminneforeininga bidra med? Leiar Grete Holmboe.
Tid og stad
Folkets Hus, Sauda
Torsdag 15. oktober kl. 16:30 – 20:00
Påmelding og spørsmål
Påmelding innan 8.oktober til ryfylke@fortidsminneforeningen.no
Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 48001359.
Inga deltakaravgift.