Kva amerikakista gøymde: Utvandring frå Ryfylke på 1800-talet
Kven var dei som utvandra frå Ryfylke til Amerika på 1800-talet? Korleis såg dei ut, og kva valde dei å ta med seg då dei reiste?
Utstillinga løftar fram menneska bak utvandringshistoria, med særleg fokus på tekstil og draktkultur. Gjennom klede, handverk og personlege gjenstandar gir ho eit innblikk i kvardagsliv, identitet og håp i møtet med ei ny verd.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Suldal Husflidslag og del av utvandrarmarkeringa Crossings200.