Lage vindauge med kittfals

Lage vindauge med kittfals

Har du lurt på korleis lagde vindauge før i tida?

På dette kurset skal me lage nye kopiar av eldre vindauge med kittfals i empirestil. Førebilete er vindauga til skulehuset på Jelsa. Vindauge med kittfals var vanleg å bruke i Noreg heilt fram til tida etter 2. verdskrigen då ein gjekk over til isolerglas. Kurset tek føre seg produksjon av alle delar til eit slikt vindauge, frå karm og ramme til sprosser. Vindauga blir i all hovudsak laga med handverktøy. Deltakarar må ha grunnleggande kjennskap til snikkararbeid.

Kurshaldarar er Sven Hoftun og Mark Laurenson, begge handverkarar på Ryfylkemuseet med inngåande kjennskap til produksjon og vedlikehald av slike vindauge.

Målgruppe: Handverkarar eller privatpersonar med grunnleggande kjennskap til snikkararbeid.

Stad: Sand, Suldal

Tid: Måndag 3. – fredag 7. november kl. 09:00 – 15:00

Pris og betaling: 2 500,- inkludert kursmateriale og lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding: Påmelding innan 27. oktober til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.