Storgarden Håland i Erfjord
Håland har alltid vore ein av hovudgardane i Erfjord. Stovehuset på Håland er det best møblerte og best utstyrte av dei antikvariske bygningane til Ryfylkemuseet. Her får ein eit innblikk i korleis livet var på storgarden og korleis dei betrestilte i bygdesamfunnet hadde det. Mellom 1640 og 1740 var Håland lensmannsgard og tingstad i fleire periodar. Anlegget er restaurert, og består i dag av dei tre bygningane målastova, homannsbua og stovehuset.