Vandreutstilling: Hovudplagg og hårmote
Sjå ikkje mindre enn 75 ulike hovudplagg til bunader frå heile landet, både for menn og kvinner. I samarbeid med Suldal Husflidslag har pinnhua frå Suldal fått ekstra plass i utstillinga.
Utstillinga viser nysydde hovudplagg som er laga av medlemmane i Norsk folkedraktforum rundt i landet. Her er hovudplagg til både jenter, koner, gutar og menn. Alle høyrer til bunader som bygger på folkedraktene våre. Dei fortel om kor mange ulike handverkstradisjonar som våre formødre beherska. Her er det finaste broderi og vevde band. Det var ei kunst å stiva opp mange hovudplagg. Og det er mykje levande kulturarv i det å læra å kle på seg desse hovudplagga.
Utstillinga vil stå ut august.
Utstillinga er utlånt frå Norsk folkedraktforum og har fått støtte frå Norsk kulturråd.

