Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.
Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg kommunane Sauda, Hjelmeland, Strand, Kvitsøy og dei tidlegare kommunane Forsand, Finnøy og Rennesøy.
Museet tilbyr opplevingar som gir deg eit innblikk i kvardagslivet til ryfylkingane like frå 1500-talet og fram til i dag. På reise gjennom Ryfylke kan du mellom anna oppleva gardstun frå ulike samfunnslag og tidsepokar. Tuna er i hovudsak bevarte på sine opphavlege tufter. Me har òg eit hummarmuseum og eit industriarbeidarmuseum, som kvar for seg representerer to viktige næringar i Ryfylkeregionen. Skulegangen blir formidla i Skulemuseet på Jelsa.
Museet har òg ei stor samling med foto og gjenstandar frå regionen. Me arbeider kontinuerleg for å gjera foto- og gjenstandssamlingane endå meir tilgjengelege på nettstaden Digitalt Museum.
Folkemusikkarkivet vårt inneheld mellom anna lyd- og videoopptak frå heile Rogaland.
Bygningsvernavdelinga vår har ansvar for den store bygningsmassen til museet. Handverkarane våre har arbeidd tett med lokale tradisjonsberarar, og held vedlike og formidlar den handlingsborne kunnskapen.
Andre sentrale satsingsområde ved museet er formidling retta mot barn og unge, og kulturelt mangfald. Me kan by på eit variert og spanande tilbod med utstillingar, omvisingar, foredrag, konsertar, og mykje meir.
Velkommen til oss!