OPPGÅVER TIL NETTUTSTILLINGA

Oppgåver

1. Kva var spesielt med renessansen?

2. Kor i Rennesøy kan ein finne døme på hus i empire – stil?

3. Kva slags aktivitetar gjekk føre seg i eldhuset?

4. Kva produkt blei laga av slakta dyr (gris, kalv, sau, lam)?

5. Kva slags mjøl blei brukt til å bake flatbrød?

6. Korleis oppbevarte dei flatbrødet?

7. Kva blei eit mangletre brukt til?

8. Kva tid på dagen åt dei Åbeten og Non?

9. Kva åt dei til middag?

10. Studer bileta der det er barn med. Skildre barna du ser, korleis dei er kledd og kva dei held på med.

11. Kva slags husdyr var vanlege i Rennesøy i tidlegare tider?

12. Kva blei hønsa brukt til?

13. Kva tid blei meieriet i Vikevåg bygd?

14. Kva tid kom poteta til Noreg?

15. Kor mykje er ei skjeppe og ei tønne poteter?

16. Kor mykje poteter kunne ein båt ha med seg til Bergen?

17. Kor mange skøyter (båtar) var det frå Rennesøy som gjekk med poteter til Bergen?

18. Kva blei torv brukt til?

19. Korleis gjekk sildefisket for seg?

FINN SPØRSMÅLET

Her får du oppgitt svaret og må lage spørsmålet sjølv! Du kan leite i teksten til utstillinga.

1. Funksjonalisme (funkis)

2. Bestestova hadde rundt bord med duk og oljelampe over, kanskje ein sofa ved veggen og ein kommone i hjørna. Det var blomar og palmar, blondegardiner, pidestallar og mjuke plysjmøblar.

3. Eldhuset

4. Flatbrød oppsmuldra i surmjølk

5. Salt kjøt, komler, steikt flesk, spekesild, mort, sei, makrell, fersk kjøt, blodkomle, blodpannekaker.

6. Det var kvinnene sin jobb.

7. Først vart kornet trøska med tust, så blei det trøska med vindrive trøskeverk, og etter kvart med hestevandring. Etter det bruka ein bekkevatn, og til slutt kom motordrive trøskeverk.

8. Stavanger, Haugesund, Bergen og Austlandet.

9. Det gjekk føre seg heile sommaren.

10. Det blei brukt til brensel.

11. Dei dreiv med garn. Dei var gjerne fem mann i lag på ein fiskebåt, og dei hadde gjerne sju garn med seg.

12. I 1910. Då gjekk ein over til å fiske makrell.

Bli Medlem