Fram til 2002 leia Ryfylkemuseet eit prosjekt om byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke. Prosjektet starta allereide i 1995, og vi har gjennom desse åra vunne mye verdefull kunnskap om dei tradisjonelle bygningshandverka.
Det vart laga fem hefter i Prosjekt bygningsvern i Ryfylke. Den same informasjonen som står i hefta er publisert på ei eiga nettside. Her kan ein læra meir om den lokale tradisjonen innan bygging med stein, konstruksjon i tre, treet som virke, glas, dører og listverk, og om taktekking.