08.12.2022 – Fredag stenger Nesasjøhuset kl 13.00
Fredag 9. desember stenger Nesasjøhuset kl 13.00 grunna eit julearrangement
Ope laurdag og søndag 11-16
Fredag 9. desember stenger Nesasjøhuset kl 13.00 grunna eit julearrangement
Ope laurdag og søndag 11-16
Våre vanlege opningstider er onsdag til søndag 11.00-16.00
I desember har me følgande endringar i opningstida
Torsdag 15. desember langdag 11.00-18.00
og
ope kvar dag (heile veka!) frå måndag 19. desember 11.00-16 .00
Stengt 24.-26. desember
Ope i romjul 27. til 30.desember 10.00-15.00
Stengt 31. desember og 1. januar
Frå januar blir det ledig stilling som Museumsvert/tilkallingsvert – helg
Les meir her
Årboka kjem i ny drakt
Maria Klungtveit og Heidi Hjorteland i Skriveriet her på Sand har hatt redaktøransvaret og det har blitt ei årbok me er veldig stolte av
Årboka finn du meir informasjon om her
Arbeid til alle. Ei løn å leva av. Innlagt straum og vatn
i nye arbeidarbustader. Det amerikanske storkonsernet
Union Carbide bringa håp og framtidstru til det vesle
vestlands-samfunnet på byrjinga av 1920 talet. Frå enkle
kår og tungdrivne gardar fekk no også bygdefolket i Sauda
ta del i industrialiseringa av Norge; Fossane var temma,
fabrikken bygd, og røyken som steig opp mellom nutane
bar bod om ei betre framtid.
Så byrja folk å døy.
«Lungebrannen» er forteljinga om ein dødeleg epidemi som
herja i den vesle industristaden Sauda i mellomkrigstida.
Ein sjukdom som krav nærmare 200 menneskeliv, og som har
Kjøp den i museumsbutikken i Nesasjøhuset på Sand i Suldal, Nordenden 14, 4230 Sand
Opningstider ond-søn 11.00-16.00
Eller du kan bestilla den i nettutikken vår: Nettbutikk, bestill dine museumsbøker her (ryfylkemuseet.no)
I november har me følgande endringar i opningstida
Torsdag 24.11 ope på Nesasjøhuset / Sand til kl 18.00
I desember har me følgande endringar i opningstida
Torsdag 15. desember 11.00-18.00
og
ope kvar dag heile veka frå måndag 19. desember 11.00-16 .00
Stengt 24.-26. desember
Ope i romjul 27. til 30.desember 10.00-15.00
Stengt 31. desember og 1. januar
Nesasjøhuset på Sand i Suldal er ope for publikum onsdag til søndag frå 11.00 til 16.00
Velkommen!
(Måndag og tysdag stengt)
Nesasjøhuset / Sand
Onsdag 22. juni til søndag 21. august
ope kvar dag kl 10.00-17.00
Kolbeinstveit /Suldalsosen
Onsdag 22. juni til søndag 21. august
ope kvar dag kl 11.00-17.00
Hummermuseet / Kvitsøy
Onsdag 22. juni til søndag 14. august
ope onsdag, torsdag, fredag, lørdag, søndag kl 11.00-15.00
Skulemuseet / Jelsa
Ope fredag, laurdag og søndag i heile juli med omvisingar kl 12.00-14.00-16.00
Viga / Hjelmeland
Onsdag 6. juli til søndag 14. august
ope onsdag, torsdag, fredag, laurdag, søndag kl 12.00-16.00
Industriarbeidarmuseet / Sauda
Onsdag 20. juni til søndag 14. august
Omvisning starter fra Folkets Hus mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag kl.12.00
NB! Forhåndspåmelding innen kl.11.00 den dagen det er omvisning. En kan melde seg på ved å komme på turistkontoret, på telefon: 52 78 42 00 eller på e-post: post@saudaferie.no
Li / Hylsfjorden
Tur for sprekingar kvar laurdag i juli, sjå Helgøy Skyssbåt for billett
Du blir med båten inn Hylsfjorden og blir satt av ved Linaustet der guiden vår tek imot deg og leder deg opp den stupbratte lia til garden Li som ligg 275 høgdemeter over fjorden
OBS! Turen er for sprekingar med gode sko (sandalar anbefalast ikkje!)
I tunet får du guiding rundt i tunet før guiden ledar deg ned att til naustet der Helgøy Skyssbåt plukkar deg opp, ta med drikke og evt noko å spise
Vår nytilsette museumspedagog har laga nye skuleopplegg for småtrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn. Eit av opplegga kan sågar tilpassast barnehage
Meir info finn du under menyvalget GRUPPER øvst på nettsida
NÅR: 8-10. juni
STED: Maihaugen, Lillehammer
PÅMELDING: Bygningsvernkongressen (eventsair.com)
(https://gyroconference.eventsair.com/bygningsvernkongressen)
Det er 8 år siden Bygningsvernkongressen ble arrangert første gang på Folkemuseet med over 300 deltakere.
Vi ønsker igjen å samle håndverkere, firmaer, forvaltning og museumsverdenen til en møteplass for diskusjoner, kurser og presentasjoner rundt det som er årets tema:.
«Bærekraft og tradisjonshåndverk i bygningsvernet. Hvordan skal vi møte framtiden?»
I løpet av de tre dagene vil det foregå over 60 kurs med alt fra skiferlegging, jernblestring ,tradisjonelle malingsteknikker og mange, mange flere.
Det vil bli foredrag og befaringer som presenterer aktuelle problemer og pågående prosjekter.
Sjekk ut nettsiden og meld deg på!! Bygningsvernkongressen (eventsair.com)
Frå mai har me fått mogelegheit til å trene ein time i arbeidstida kvar veke
Idéen om Yoga som treningsform slo godt an blant dei tilsette
Me har inngått eit samarbeid med Magnolia Helse v/Veronica Warhaug og ho kjem til oss kvar torsdag og gir oss ein time med MediYoga
Me held til i 2. etg i Nesasjøhuset, det er god plass til mange fleire enn oss tilsette, så om du har lyst å vera med er det berre å melde seg på
Ta gjerne med matte/teppe/pute om du har
Prisen er ca 200,- pr gang( kan bli litt høgare pris om ikkje mange nok deltar)
Torsdagar 10.30-11.30 til og med 16. juni
Påmelding til elisabeth.figenschou @ ryfylkemuseet.no eller sms til 466 80 832
Velkommen
Laurdag 9. april – 12.00-15.00
Søndag 10. april – 12.00-15.00
Måndag 11. april – 10.00-15.00
Tysdag 12. april – 10.00-15.00
Onsdag 13. april – 10.00-15.00
Skjærtorsdag – stengt
Langfredag – stengt
Laurdag 16. april – 10.00-15.00
Søndag 17. april – 10.00-15.00
Måndag 18. april – 10.00-15.00
Me søker ansvarsfulle vertar til museumsgarden Kolbeinstveit
Sjå utlysing her
I samband med skeivt kulturår lyser me ut ei konkurranse om å designe ei ny Ryfylkerose og her finn du full Konkurransetekst
Frist for innsending er fredag 24. juni 2022
Juryen består av fire personar
Vinnaren annonseres Fredag 1. september
Premien er eit gåvekort på 500,- i museumsbutikken samt eit gåvekort for 2 på kino
Bidraga merkes Ryfylkerose og sendes på epost til post @ ryfylkemuseet.no
Me har ledig stilling som Bygningsvernrådgjevar, søknadsfrist 27. mars
Les meir her
Onsdag 9. mars startar me opp med Internasjonal Småbarnskafé, eit tilbod til alle foreldre med born i førskulealder
Vert er museumspedagog Vegard Lindtner
Det blir ulike kulturelle aktivitetar frå gang til gang
Velkommen kl 11.00 kvar onsdag i partallsveker til og med 18. mai 2022
Ta gjerne med matpakke, me byr på kaffi, te og vatn
I vinterferieveka har me som vanleg utvida opningstider og kjekke aktivitetar
Laurdag 26. febr 10.00-15.00
Søndag 27. febr 10.00-15.00
Måndag 28. febr 10.00-15.00
Tysdag 1. mars 10.00-15.00
Onsdag 2. mars 10.00-15.00
Torsdag 3. mars 10.00-15.00
Fredag 4. mars 10.00-15.00
Laurdag 5. mars 10.00-15.00
Søndag 6. mars 10.00-15.00
Kvitebjørnen er open og du kan i tillegg sjå utstillinga Vølt om norsk vølingstradisjon
Torsdag, 10. februar, kl 16.00 på Nesasjøhuset, Sand
Velkommen
Sakspapira finn du her
sak 3_innstilling frå valnemnda
sak 4_årsrapport og årsrekneskap 2020 og 2021
sak 6_utgreiing organisasjonsform PDF
Nesasjøhuset på Sand er ope for besøkande
onsdag til og med søndag – 12.00-15.00
(måndag og tysdag – stengt)
Kontortida er måndag til fredag 09.00-15.00
Me har ope i utstillingane og museumsbutikken som vanleg, men oppmodar besøkande om å bruke munnbind, handsprit og å halde meteren
Opningstider i juleveka
Måndag 20. des. – stengt
Tysdag 21. des – stengt
Onsdag 22. des – 12-15
Torsdag 23. des 12-16
Fredag 24. des – stengt
Laurdag 25. des – stengt
Søndag 26. des – stengt
Opningstider i romjul
Måndag 27. des – 12-15
Tysdag 28. des – 12-15
Onsdag 29. des 12-15
Torsdag 30. des 12-15
Fredag 31. des – stengt
Laurdag 1. jan – stengt
Søndag 2. jan – stengt
Folk i Ryfylke 2021 er no for salg i museumsbutikken på Sand samt i nettbutikken
No er bygdebokskrivaren klar med første bind av 4 om gardar og folk i Suldal
Me selg boka i museumsbutikken vår, samt i nettbutikken
Direkte link til beskriving av innhald i bind I finn du her
Skjema for bestilling av bøker
om du ønskjer eit signert eksemplar så ordnar me sjølvsagt det, berre skriv i merknadsfeltet i bestillingsskjemaet at du ønskjer boka signert
Me har fleire ledige stillingar og dei finn du her
I haustferien (veke 41) held me ope kvar dag
10-17
Gjeld frå laurdag 9. oktober til søndag 17. oktober
Bli med å feire Kvitebjørnen-utstillinga sin 10 års dag
Folkemusikk- og dansehelga på Mo Laksegard i Suldal feirar 30-års jubileum, og det skal markerast grundig!
Les meir her
Torsdag, 16. september, kl 18.00 i Nesasjøhuset, Nordenden 14, Sand
Vi begynner med eit fagleg innslag, Anne Elisebeth Skogen fortél om Restauration og reisa til Amerika
Saksliste årsmøte:
Årsrapport 2019/20
Rekneskap 2019/20
Medlemspengar 2021
Val
Registrering i Brønnøysundregistrene
Aktivitetar 2021
Enkel servering
Vel møtt
Onsdag: 12-15
Torsdag: 12-18
Fredag 12-15
Laurdag 12-15
Søndag: stengt
Måndag: stengt
Tysdag: stengt
Kontortid: 9-15 måndag til fredag
Torsdag 23. september stenger Nesasjøhuset kl 15.00 grunna at NRK kjem for å gjere opptak her
Har du eit gamalt hus som du er usikker på korleis du skal halde ved like? Er du i tvil om du skal rive eller sette i stand? Lurer du på kva tiltak som bør prioriterast, og kvar du kan få tak i materialar og den rette kompetansen? Er du usikker på kva støtteordningar som kan vera aktuelle? Då kan du få besøk av ein av handverkarane eller antikvarane frå Ryfylkemuseet, heilt gratis
Les meir her
Les meir her: Ledige stillingar – Ryfylkemuseet
Opningstider frå 1. juli til 15. august
Måndag 10-17
Tysdag 10-17
Onsdag 10-17
Torsdag 10-17
Fredag 10-17
Laurdag 10-17
Søndag 10-17
Hugs handsprit og 1 m avstand. Me set pris på at du bruker munnbind når du beveger deg rundt, sit du ved eit kafébord kan du ta det av
For Kvitebjørnen gjeld følgande:
Ring 52792950 for å bestille tid.
Oppstart kvar heile time, ein kan være i Kvitebjørnen i 45 min (me treng 15 min for å vaske overflater etter kvart besøk)
Kun ein kohort på inntil 10 personar om gongen
Alle må sprite hendene, vaksne må bruke munnbind
Det er munnbind og handsprit tilgjengeleg når du kjem til oss
Velkommen
Grunna det store smitteutbrotet i kommunen gjeld følgande for besøkande til Nesasjøhuset:
Utstillinga for born; Kvitebjørnen held stengt inntil situasjonen er under kontroll
Museumsbutikk, kafé og utstillinga Vølt er opne
Me ber om at besøkande nyttar munnbind og spriter hendene sine
Dersom ein er gjest i kaféen må ein ha munnbind på når ein ikkje sit ved kafébordet sitt
Rundt kasseområdet/skranken kan det ikkje opphalda seg meir enn 3 personar om gongen
Ellers gjeld dei vanlege opningstidene for juni:
søn-mån-tys stengt
ons-laur 12-15 (tors 18)
Måndag: stengt
Tysdag: stengt
Onsdag: 12-15
Torsdag: 12-18
Fredag: 12-15
Laurdag: 12-15
Søndag: stengt
Utstillingsopning Vølt fredag 4. juni kl 18.00-20.00, gratis inngong, musikalsk innslag v/Tove Solheim, enkel servering
Omvising ombord i Brødrene laurdag 5. juni og søndag 6. juni kl. 12.00-15.00, billettpris 60/vaksen 30/born – vafler og kaffi selges på kaien
Velkommen
Hugs handsprit og 1 m avstand. Me vil anbefale munnbind
For Kvitebjørnen gjeld følgande:
Du må bestille tid, tlf 52792950, maks ein kohort inntil 10 personar får plass om gongen
Ryfylke bygningsvernsenter er den utovervende delen av arbeidet Ryfylkemuseet gjer knytt til bygningsvern og tradisjonshandverk. Me hjelper gjerne privatpersonar som ønsker å ta vare på gamle hus og bygningsdelar, og som ønsker å lære om den handlingsborne kunnskapen.
Ryfylkemuseet har gjennom mange år opparbeidd ei brei erfaring innanfor dette temaet. Handverkarane ved Ryfylkemuseet har kompetanse til å gi gode råd i samband med restaurering og kan levere handverkstenester på høgt nivå.
Les meir her: Ryfylke Bygningsvernsenter – Ryfylkemuseet
Ordinære opningstider for publikum på Nesasjøhuset på Sand
Måndag: stengt
Tysdag: stengt
Onsdag: 12-15
Torsdag: 12-18
Fredag: 12-15
Laurdag: 12-15
Søndag: stengt
Me held ope laurdag 1. mai og Kr. Himmelfartsdag torsdag 13. mai
Velkommen
Hugs handsprit og 1 m avstand. Me vil anbefale munnbind
For Kvitebjørnen gjeld følgande
Du må ringe og bestille tid 52792950, maks ein kohort inntil 10 personar får plass om gongen
Opningstidene blir som før
Onsdag 12-15
Torsdag 12-18
Fredag 12-15
Laurdag 12-15
Velkommen
Hugs handsprit og 1 m avstand. Me vil anbefale munnbind
For Kvitebjørnen gjeld følgande
Du må ringe og bestille tid 52792950, maks ein kohort inntil 10 personar får plass om gongen
Grunna koronasituasjonen vil Nesasjøhuset med utstillingar, museumsbutikk og kafé halda stengt frå 24. mars inntil vidare – gjeld og Kvitebjørnen
Sjå den lokale forskrifta frå Suldal Kommune her
«
Sjå fullstendig pressemelding frå Suldal Kommune her
Ordinære opningstider for publikum på Nesasjøhuset på Sand
Mondag: stengt
Tysdag: stengt
Onsdag: 12-15
Torsdag: 12-18
Fredag: 12-15
Laurdag: 12-15
Søndag: stengt
Vinterferieveka 27.2-7.3 held me ope kvar dag
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15
Mondag: 10-15
Tysdag: 10-15
Onsdag: 10-15
Torsdag: 10-18
Fredag: 10-15
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15
Påskeferieveka 27.3-5.4 held me ope kvar dag
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15
Mondag: 10-15
Tysdag: 10-15
Onsdag: 10-15
Skjærtorsdag: 10-18
Langfredag: 10-15
Påskeaftan: 10-15
1. Påskedag: 10-15
2. Påskedag: 10-15
Send inn di historie frå årets 17.mai
Kvart år i over 100 år har 17-mai-toga gått i Ryfylke, med få unntak. Barnetog og folketog har trossa regn og snøvêr. Om bygda har mangla korps, har dei greidd å samle saman til 17.mai eller leigd inn. 17.mai er også eit samlande arrangement med mange menneske i sving. I år blir det annleis. Det å halde på tradisjonar betyr ekstra mykje for folk – spesielt i krisesituasjonar. Når det ikkje blir 17.mai-feiring slik vi har tradisjon for i år på grunn av koronaepedemien, framhevar det endå tydlegare at me er i ein rar unntakstilstand.
Den 17.-mai feiringa vi har framføre oss nå, er historisk. Kulturhistorikarar og museum sit klare for å dokumentera alt som skjer. Ryfylkemuseet vil med dette oppfordra alle innbyggjarane i Ryfylke til å vera med på ein nasjonal dokumentasjonskampanje. Ideen med kampanjen er å invitera folk til å fortelja om sin 17. mai – korleis dagen vanlegvis har vore og korleis den har arta seg i dette uvanlege året. Saman kan vi skapa eit tidsbilete av stor verdi i dag og for framtida.
Feiringa av 17. mai er ulik frå stad til stad og person til person. Utan bidrag frå heile landet, er det ikkje mogleg å famna den rike floraen av 17. mai-tradisjonar. 17.mai er heile landet sin dag, og det vil vera eit tap om delar av landet og befolkninga ikkje er med.
Ryfylkemuseet vil med dette be om hjelp til å dokumentere 17.mai i Ryfylke:
Innsamlinga går føre seg via denne sida:
https://minner.no/tema/17mai2020
Med ønskje om ein fin 17.mai til alle ryfylkingar.
Helsing frå Anna Ehrhardt/museumsdirektøren
Foto: frå ca 1945-60, Eigar: Astrid Rørvik. Digitalt Museum
Meir informasjon om våre opningstider grunna koronasituasjonen finn du her.
12.05.2020
Etter dei nye retningslinjene som vart offentleggjort sist veke ser vi på mogelegheita til forsiktig å opna nokre av anlegga våre etter 15. juni. Styret skal behandla saken om sommarsesongen 26. mai, etter den datoen vil vi offentleggjera våre planar for sommaren
21.04.2020
Styret vårt har nå formell vedtatt at vi skal holde våre anlegg stengt for publikum til 1.august. I praksis betyr dette at vi har avlyst sommarsesongen. Viss smittetiltaka blir letta etter 15.juni, vurderer vi enklare tilbod på nokre av våre anlegg i løpet av sommaren. Nye oppdatteringar blir lagt ut her etterkvart.
08.04.2020
I går kom regjeringa med nye retningslinjer til etter påske. For oss betyr det at vi må halda stengt til 15.juni, og sannsynlegvis lengre. Følg for med for nye oppdatteringar etterkvart.
16.03.2020.
Sjølv om vi har stengt våre anlegg så er vi tilgjengelige.
Lurar du på noko send oss gjerne ein epost til post@ryfylkemuseet.no, vil du snakke med oss så er vi tilgjengelige på tlf. mandag til fredag kl. 9-15.
Ta godt vare på deg sjølv og på dei rundt deg – på litt trygg avstand.
12.03.2020
På grunn av koronaviruset stenger vi alle våre anlegg, og avlyser alle arrangement ut april.
11.03.2020
I samband med koronaviruset vurderer vi våre arrangement fortløpande. Vi følgjer råd og retningslinjer frå FHI og kommunane.
Vi gjer merksam på at tiltak og endringar i programmet vårt kan komme fortløpande, og at arrangement kan bli avlyst.
Informasjon om dette blir delt på nettsida vår og på Facebook.
Me har tilsett Simen Bie Malde som ny leiar for bygningsavdelinga. Simen er arkitekt, har vidareutdanning innan trearkitektur og byggjeskikk og har ei særinteresse for tradisjonshandverk. Han har også mykje erfaring med prosjektleiing og prosjektarbeid. Me gler oss til han byrjar hos oss i byrjinga av august.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har kontakta Ryfylkemuseet med førespurnad om å låne eit «Norgesglas» frå Ryfylkemuseet si samling. Norgesglaset som dei får låna finn vi i samlinga som knyter seg til Finnøy Bygdetun. Det nye Nasjonalmuseet i Oslo opnar i 2021, og publikum vil då finne Norgesglaset frå Ryfylkemuseet her: Glaset skal visast saman med andre gjenstandar som representerer etterkrigstidas optimisme og framtidstru, i eit rom som tek føre seg design og kunsthandverk frå perioden 1920-1950. Nasjonalmuseet sin seniorkurator dr. Denise Hagströmer fortel at museet er glade for å få låne eit så fint designobjekt frå Ryfylkemuseet.
Glaset frå Ryfylkemuseet si samling er frå ca. 1930 og er nemleg ganske unikt. Det har ikkje berre den originale bruksrettleiinga med seg, men i tillegg det originale klistremerket frå Drammens Glassverk på utsida. Desse klistremerkene vart veldig fort vaska av under sylteprosessen, noko som tyder på at glaset sannsynlegvis aldri har vore i bruk i sine omtrent 90 år.
«Det er mye vanskeligere enn hva man kanskje skulle tro, å få tak i hverdagsting som dette, fra nesten hundre år siden», fortel Hagstrômer. Dette eksemplaret er heller ikkje ei «hvilken som helst utgave», men ein original i god stand, med original etikett.
Norgesglasa kom på marknaden i 1902 etter at ingeniør Arne Ulstrup tok med seg et sylteglas av typen «Kilner Jar», heim til Norge frå ei USA-reise. Han fekk Hans Berg til å gjennomføre ein del endringar på forma på glaset; særleg lokk-mekanismen blei forbetra, og produksjonen blei satt i gang på Drammens Glassverk. Norgesglaset blei med ein gang ein stor suksess, og allereie i 1908 blei 100.000 glas produsert. Seniorkuratoren frå Nasjonalmuseet forklarer at Norgesglaset er ein god representant for korleis vi i Norden ønska dei siste nyvinningane frå USA velkommen inn i den moderne heimen. –«Det har dessuten vist seg å ha en imponerende overlevelsesevne», seier ho.
Nokon lurar kanskje på kvifor og korleis ein låner ut gjenstandar frå museum: Det å låne gjenstandar frå kvarandre blant museum er ganske vanleg, og der er eigne system og rutinar knyt til slike utlån. For å unngå at ein gjenstand hamnar på avvege eller ikkje blir returnert, blir det oppretta ein forpliktande låneavtale som begge partar underteiknar. Dette er svært viktig, spesielt når det, slik som i dette tilfelle, dreier seg om eit utlån over lengre tid: 5 år
Frå 1. januar endrar vi på våre opningstider på Nesasjøhuset.
Frå nå av kan du besøkja utstillingane våre, butikken og kafeen vårt både på laurdag og på søndag. Me har dermed ope på alle dagar i veka utenom mandag:
Nye opningstider:
mandag stengt
tysdag kl. 11-15
onsdag kl. 11-15
torsdag kl. 11-18
fredag kl. 11-15
laurdag kl. 11-15
søndag kl. 11-15
Me ønskjar gamle og nye besøkjande hjarteleg velkommen!
Les nyheitsbrevet her: Ryfylkemuseet Nyheitsbrev 2019-II
Vil du også motta vårt nyheitsbrev framover?
Send ein epost til anna.ehrhardt@ryfylkemuseet.no