Avdeling for bygningsvern

Arbeidet er organisert i avdeling for bygningsvern. Avdelinga består av leiar, bygningsvernrådgjevar, bygningsantikvar, driftsleiar, museumshandverkarar og lærling. Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift for lærling i tømmerfag, og arbeider for å ha lærling til ei kvar tid. Museet samarbeider og med vidaregåande skule om utplassering av praksiselevar i tømmerfag.

Til større prosjekt, og der eigen fagkompetanse eller ressurser ikkje strekk til, søkjer me i tillegg å finansiera handverkarar i prosjektstillingar.

120712_ja_lun181-132-1-e1461055388416
thumb_IMG_3514_1024

Ryfylke bygningsvernsenter

I Ryfylke bygningsvernsenter tilbyr me tenester knytt til bygningsvern og tradisjonshandverk. Me har kompetansen til å hjelpe privatpersonar med å ta vare på gamle hus og bygningsdelar, og som vil gjøre dette på tradisjonelt vis.

Ryfylkemuseet har gjennom mange år opparbeidd ei brei erfaring innanfor dette temaet. Våre tilsette gir kompetente råd i samband med restaurering og leverer handverkstenester på høgt nivå.

Ryfylkemuseet legg særleg vekt på handlingsboren kunnskap, som betyr at me utfører arbeidet slik det tradisjonelt har vore gjort. Museet tilbyr autentisk tilverka materialar, frå tre på rot til ferdig bygningsdel. Arbeidet i verkstaden blir utført med handverktøy, og me bruker lokale materiale som er valt til formålet.

Gratis synfaring og rådgjeving

Er du eigar eller forvaltar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du kontakte oss for gratis råd og rettleiing. Ryfylkemuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der du kan få besøk og rådgjeving av våre tilsette med kompetanse på eldre bygningar.

Bygningen treng ikkje vera freda eller formelt verna for at du kan nytta deg av tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om bygninga di er innafor ordninga.

Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad, og gjeld bygningar og anlegg i Ryfylke.

Restaureringsarbeid ved Viga museumstun (Ryfylkemuseet), Hjelmeland.
IMG_3025-scaled

Gjennom denne ordninga kan du få:

  • Besøk av ein handverkar eller bygningsvernrådgjevar med kompetanse på eldre bygningar
  • Praktisk gjennomgang av eige bygg
  • Svar på spørsmål om eldre hus
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
  • Informasjon om støtteordningar

Etter synfaringa får du eit kort skriftleg notat om bygningen og kva me såg på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilete eller informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. På synfaringa og i rapporten blir den generelle tilstanden vurdert. Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom du tillèt det.

Rådgjeving i større prosjekt

Dersom du har behov for langvarig rådgjeving i konkrete restaureringsprosjekt kan me fungere som rettleiar etter nærare avtale. Dette blir gjort etter gjeldande timepris.

Ta gjerne kontakt med oss!

Langvarig/større arbeid gjer me etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

RFF2013-026-051-e1539768238670
36344268_10160517648010285_3499496050920521728_n

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga har eit større omfang enn den gratis første synfaringa. Dette er eit arbeid som krev ein grundig gjennomgang på plassen. Her utarbeidar me ei oversikt over alle bygningselementa i huset. Me set tilstandsgrad og konsekvensgrad på dei bygningsdelane me kan kome til, supplert med nokre tilrådingar. Dette er typisk eit dokument som blir brukt for å få pris på arbeidet av utøvande handverkarar, som igjen kan brukast for å søke om tilskot. Tilstandsvurderingar frå Ryfylkemuseet er basert på NS-EN 16096:2012. Me undersøker normalt ikkje tekniske anlegg og utandørs konstruksjoner som ikkje høyrer til bygningen (t.d. veg- og hageanlegg).

Prisen vil variere ut frå omfanget og blir fakturert etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Antikvarisk verkstad

Ryfylkemuseet jobbar jamleg med restaurering eller reproduksjon av bygningsdelar. Me kan mellom anna restaurere og reprodusere dører, vindauge, kleding og listverk på bestilling.

I tillegg har me erfaring med å tilpasse eldre bygningsdelar til nye krav, t.d. vindtetting av eldre ytterdører. Våre handverkarar har høg kompetanse og lang erfaring med slike oppdrag. Sjå her for referansar. (Lenke til fotoalbum)

Prisen for slike tenester varierer ut frå omfanget. Oppdrag blir typisk utført basert på prisanslag og fakturert etter medgått tid.

DSC01729-2-scaled
RFF2024-017-011

Restaureringsoppdrag

I tillegg til restaurering og produksjon av bygningsdelar kan me ta på oss større oppdrag på verneverdige bygningar.

Me har mellom anna kompetanse på utbetring av eldre tak inkludert tekking med villheller, utskifting og utbetring av laftekassar, byte og tilbakeføring til opphavleg kleding og mykje anna.

Ta kontakt om du har eit prosjekt du treng hjelp til. Sjå her for referansar. (Lenke til fotoalbum)

Delebutikk

Mange eldre bygningsdelar er av svært høg kvalitet og kan ha lang levetid med rett vedlikehald. Ryfylkemuseet har eit stadig skiftande utval av bygningsdelar, særleg teglpanner og dråpeskifer for gjenbruk.

Treng du gamle bygningsdeler er det berre å ta kontakt, så skal me sjå kva me har inne.

Prisen varierer etter kva bygningsdel det er snakk om. Generelt er det gunstige priser på dette hjå oss, då me ønsker å stimulere til gjenbruk.

delebutikk
RF-stalhall-kurs-RFF2013-018-082-scaled

Kurs

Ei av oppgåvene til Ryfylkemuseet er å spreie kunnskap om bygningsvern og tradisjonshandverk. Me arrangerer med jamne mellomrom kurs innan restaurering eller anna knytt til bygningsvernet. Ofte bli kursa haldne i samband med vedlikehaldet av museet sine eigne anlegg, men er det eit spesielt spanande eksternt prosjekt, kan kursing inngå som ein del av dette.

Døme på kurs me har hatt, er restaurering av vindauge, vedlikehald og produksjon av verktøy, laftekurs, neverriving og liknande.

Følg med på kalenderen vår for å sjå kva som skjer!

RFF2016-025-030-e1461055046895

Lærearena for NTNU

Ryfylkemuseet samarbeider med NTNU om praktisk lærearena for bachelorstudentar i tradisjonshandverk. To av museumshandverkarane har gjennomført dette studiet med avslutting våren 2019. Fleire studentar frå NTNU har vore innom oss mellom åra 2015 til 2019, og me jobbar for å vera lærearena igjen frå hausten 2026. Les meir her.

Museumstjenestene i Rogaland

Ryfylkemuseet er vertskap for ein felles bygningsantikvar for musea i Rogaland. Antikvaren er del av Museumstjenestene i Rogaland som også har fotoarkivar og konservatorar. Les meir her.

Byggnettverket

Ryfylkemuseet var frå 2003 til 2017 ansvarleg museum for Nasjonalt nettverk for bygningsvern og handverkskompetanse på museum, Byggnettverket..

Som leiar av Byggnettverket har museet gjennomført følgjande prosjekt:

  • Kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet.
  • Bygninsvern på musea. Ei utgreiing om forvalting av kulturhistoriske bygningar på musea i Rogaland.
  • Klimautfordringane i bygningsvernet. Dette prosjektet blir gjort i samarbeid med Handverksnettet.

I 2017 vart Byggnettverket slått saman med Handverksnett, og det nye nettverket Bygningsvern – Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern vart stifta. Ryfylkemuseet var ansvarsmuseum frå 2019 til 2021 i dette nettverket, og var med i arbeidsutvalet (AU) til 2022.

RFF2012-070-011
cropped-120712_ja_lun181-52

Prosjekt bygningsvern i Ryfylke (1995 – 2002)

Fram til 2002 leia Ryfylkemuseet eit prosjekt om byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke. Prosjektet starta allereide i 1995, og vi har gjennom desse åra vunne mye verdefull kunnskap om dei tradisjonelle bygningshandverka.

Det vart laga fem hefter i Prosjekt bygningsvern i Ryfylke. Sjå publikasjonar for innsyn i dette.Den same informasjonen som står i hefta er publisert på ei eiga nettside. Her kan ein læra meir om den lokale tradisjonen innan bygging med stein, konstruksjon i tre, treet som virke, glas, dører og listverk, og om taktekking.