NTNU LÆREARENA

Ryfylkemuseet er læringsarenaen på sørvestlandet. Museet har ansvar for 74 antikvariske bygningar og er med det mellom dei store bygningsmusea. Det spesielle med bygningssamlinga til Ryfylkemuseet er at dei fleste husa er bevart på sine opphavlege tufter. På denne måten formidlar bygningane ein god samanheng mellom det livet som har vore levd i og mellom husa og det kulturlandskapet som bygningane er ein del av. Bygningane på museet spennar i tid frå 1281-1960, og tematisk frå kystkulturen til fjellgarden og arbeidarbustad for industrien.

For å kunne drive eit truverdig bygningsvern har museet i mange år lagt stor vekt på å hente fram, dokumentere og vidareføre tradisjonskunnskap. Det som vert kalla handlingsboren kunnskap, det vil seia kunnskap som ein tileignar seg gjennom praktisk øving. For å utvikle slik kunnskap etterstrevra me å bruke arbeidsplassane og bygningane på museet som lærearenaer der vi gjerne inviterer tradisjonsberarar og informantar saman med eksterne deltakarar med i arbeidet. Det siste steget i denne prosessen er at to av våre handverkerar har gått studieretninga Tradisjonelt bygghandverk ved NTNU:

  • Kjell Gunnar Haraldseid. Tilsett som museumshandverkar frå 17. august 2010. Utdanning: Fagbrev som tømrar.
  • Sven Hoftun. Tilsett som museumshandverkar frå 18. juni 2007. Utdanning: Svennebrev i trevare- og møbelsnikkarfaget. Teknisk fagskule driftsteknikk, tre og møbel.

Kontaktperson er bygningsantikvar Simen Bie Malde, som og er avdelingsleiar og ansvarlig for organiseringa av læringsarenaen.

FØLG ARBEIDET TIL HANDVERKARANE VÅRE

Kunnskapsoverføring og formidling av studentarbeidet er viktig. Sven og Kjell Gunnar tek i bruk ulike plattformar for å nå ut. Mellom anna er interessante studier frå prosjekta deira publisert på ein felles blogg for studentar ved tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern på NTNU.

Dei nyttar òg Instagram og Youtube i arbeidet sitt.

INSTAGRAM

(lenk i biletet)

YOUTUBE

(lenk i biletet)

Bli Medlem